Mannen og stuten
Oksen er ein av dei mest kjenslevare og nærtakande skapningar som finst.
I motsetnad til Vladimir Putin, som styrkte sjølvstyret sitt ved å ri med berr overkropp på ein plasthest, har Boris Johnson vore på besøk på ein gard og blitt fotografert mens han strevde med å få styring på ein levande okse, rett nok utan horn. Somme av bileta legg seg tett opp til tyrefekting, som om meininga er å visa fram ein statsminister som kan temja dei villaste kaoskrefter. Men det beste er det der dyret er kome under kontroll og stegar forsonleg av garde side om side med mannen, begge to med runde skoltar og tunge augelok, frambeina til oksen presis i takt med gummistøvlane til Johnson.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn