Sist tysdag var statsvitar Asle Toje med i NRK-programmet Debatt for å forsvara påstanden om at dei kvinnelege lærarane har øydelagt skulen for gutane. Men han hadde lite å byggja på, og blei svar skuldig då sosiolog Kristoffer Chelsom Flot forklarte at argumentet om samfunnsskadeleg feminisering har vore i bruk sidan antikken. I tillegg opplyste psykolog Sidsel Fjelltun om at gutane gjer det dårlegare enn jentene i alle OECD-land, og at denne skilnaden går heilt tilbake til 1914.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.