Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Arbeidsliv

Ingeniørar må gå frå Aker

TØRKE: Per Harald Kongelf, sjef for Aker Solutions i Norge, forklarar nedbemanninga med oppdragstørke. Foto: Berit Roald, NTB scanpix

– Det er ingeniørkompetansen som blir råka, seier Åsmund Knutsen, konserntillitsvald i Aker Solutions.

Knutsen representerer organiserte i Nito, Tekna, Lederne og Negotia. Han var sjølv til stades på allmøtet på Fornebu då meldinga om den omfattande nedbemanninga blei annonsert i går.

Han trur mange var førebudd på dårlege nyheiter og at dei skjønte kvar det bar då det blei kalla inn til allmøte.

– Men eg trur nok mange blei overraska over volumet, seier han.

Kuttplanane vil råka tilsette i faste stillingar på Fornebu i Bærum, Stokke i Vestfold, Moss i Østfold og Tranby i Buskerud. Kutta vil koma både som oppseiingar og nedbemanning gjennom og omplasseringar av tilsette til andre delar av selskapet.

– Det sit flest på Fornebu og Tranby, så her vil flest bli råka, seier Knutsen.

Fleire kutt

Per Harald Kongelf, sjef for Aker Solutions i Norge, forklarte i går nedbemanninga med oppdragstørke.

– Oljeselskapa reduserer sine investeringar og utset enkeltprosjekt, og det har ført til ein markant nedgang i aktiviteten i den norske oljeservice-marknaden det siste året, seier han.

Kuttet som blei kjent i går er ikkje det fyrste i selskapet. Tidlegare i år kunngjorde Aker Solutions at subsea-basen i Ågotnes i Hordaland skal slankast med inntil 200 stillingar. I tillegg forsvinn omtrent 300 stillingar i forretningsområdet vedlikehald, modifikasjonar og operasjonar (MMO) i Norge. Også i utlandet skal selskapet kutta.

Ein av tre er uroa

For mange av dei som no må gå frå Aker Solutions kan det bli vanskeleg å få ny jobb i bransjen, trur Knutsen, men seier at selskapet vil gjera kva dei kan for å hjelpa dei.

– Innanfor olje og gass kan det bli vanskeleg. Men det er høgt kompetente menneske som blir overtalige. Det er ein vanskeleg situasjon for dei som no blir råka, seier han.

Han seier at på kort sikt set det mørkt ut.

Andreas Engeberg sit i styret i fagforbundet Tekna, som organiserer sivilingeniørar, seier at det er mange som no er uroa for jobben sin.

– På leverandørsida er ein av tre uroa for jobben sin, viste ei undersøking me gjorde, seier Engeberg.

– Det er nok ikkje siste nedbemanninga, seier han.

Av Anne Kari Hinna og Linus Røvik Hauge, NPK