Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kor er dei kristne røystene som tek til orde for fredelege verkemedel?

Ytringskortslutning

Fridom under ansvar: Fridom er ikkje ytringsplikt til ein kvar pris, skriv Haavar Simon Hilsen. Frå demonstrasjonen i Berlin 11. januar. Foto: Hannibal Hanschke, Reuters/Scanpix

Karikaturstriden har sklidd inn i eit sidespor, der ein ikkje lengre ser skilnad på bruk av karikaturteikningar og ytringsfridom. Då TV2 sist søndag skulle lage reportasje om haldninga til ytringsfridom frå offentlege personar og trussamfunn fekk intervjuobjekta ei Charlie Hebdo-plakat i handa, og skulle så seie seg einig eller ueinig i om dette er greitt med omsyn til ytringsfridomen. Denne journalistikken er symptomatisk for korleis både media og det offentlege ordskifte har handsama terrorangrepet i Frankrike. Anten er ein for ytringsfridom, og dermed også for å trykke alle former for karikaturteikningar, eller så er ein mot teikningane, og dermed mot ytringsfridom. Ei slik tilnærming til spørsmålet om ytringsfridom er i seg sjølv ein karikatur.