Ytringskortslutning
Kor er dei kristne røystene som tek til orde for fredelege verkemedel?

Karikaturstriden har sklidd inn i eit sidespor, der ein ikkje lengre ser skilnad på bruk av karikaturteikningar og ytringsfridom. Då TV2 sist søndag skulle lage reportasje om haldninga til ytringsfridom frå offentlege personar og trussamfunn fekk intervjuobjekta ei Charlie Hebdo-plakat i handa, og skulle så seie seg einig eller ueinig i om dette er greitt med omsyn til ytringsfridomen. Denne journalistikken er symptomatisk for korleis både media og det offentlege ordskifte har handsama terrorangrepet i Frankrike. Anten er ein for ytringsfridom, og dermed også for å trykke alle former for karikaturteikningar, eller så er ein mot teikningane, og dermed mot ytringsfridom. Ei slik tilnærming til spørsmålet om ytringsfridom er i seg sjølv ein karikatur.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent