I vekene før dette intervjuet las Kjartan Hatløy opp att «Slik talte Zarathustra»av Friedrich Nietzsche, for å ha noko interessant å prate om.
«Her er det skodda som rår. Sløving på sofa. Om 30 minutt fyrer eg på ny i omnen. Er på side 250 av Zarathustra», skriv Hatløy ein dag.
Hos Nietzsche er Zarathustra einebuaren i fjella som etter mange år stig ned att til menneska for å fortelje kva han har sett. Hatløy les to sider om dagen, åleine på eit småbruk i Hyllestad i Ytre Sogn, der fjellet Lihesten reiser seg over attgrodde bøar som eit mørkt dyr av stein.
I heile kommunen vart det fødd fem ungar i fjor. Femten menneske døydde.
Ute på tunet på småbruket står Kjartan Hatløy med islendar på seg – den han bruker når han skal sjå flott ut. Den 72 år gamle poeten har gitt ut femten diktsamlingar og vunne fleire prisar.
Nesten før me har fått sagt hallo, får me vite at møtet mellom Martin Heidegger og japansk filosofi er noko av det næraste me har kome å forstå kva det vil seie å vere.
– Dei gamle egyptarane hadde ikkje eit ord for dyr. Dei skilde ikkje mellom artar på den måten som me gjer. Eg sit kvar dag i stova mi og ser på mange ulike fuglar, og det er ikkje noko veldig skilje mellom dei og meg.
Utanfor pressar trea seg mot huset, greinene står heilt inn mot rutene. Fuglane kjem nærmare enn dei gjer hos andre. Nokre gonger vaknar Hatløy om natta av at ein fugl stuper i glaset. Trea vil han likevel ikkje hogge.
– Det er særleg kråkene som kan vekke meg. Det er litt irriterande, men eg blir ikkje sint, seier han.
Egypt, fuglar og stjerner
Dikta hans går føre seg her, på denne garden i Ytre Sogn. I dikta blir det vesle aldri berre lite. Ei kråke, ein fisk eller ein stein opnar seg mot noko som liknar kosmos.
I diktet «Kan godt hende» glir ein robåt over lysegrøn sand. Under båten ligg ei flyndre og ser opp. I nokre sekund, skriv Hatløy, samtalar hennar raske hjarte med hans seine. Ikkje med ord.

I den nyaste samlinga, «Mot kaos», krinsar han om alt me har felles med egyptarane for tre tusen år sidan.
– Lihesten er eit ungt fjell, det oppstod omkring samstundes med fiskane. For 340 millionar år sidan. Med det perspektivet er det ikkje så lenge sidan det gamle Egypt.
Inne i stova vandrar Hatløy att og fram med ei utsliten Heidegger-bok i hendene, lappa med brun teip, og fortel om korleis mysteriet om kva det vil seie å vere har heimsøkt diktarar og filosofar sidan Platon.
Han har lese ho sund på tysk – eit språk han har lært seg sjølv, til flytande.
Forfina sjel med sveiseapparat
Julaftan 1986 kom Karl Ove Knausgård og broren Yngve inn i denne stova for å feire jul hos besteforeldra i Salbu. I huset budde òg onkelen Kjartan, midt i trettiåra, med bustete hår, dressen på skeive og flekkar på slipset. Pakkane låg under treet, men det var berre den tyske filosofen Martin Heidegger ein glødande onkel Kjartan ville snakke om.
Hatløy hadde sete eit heilt år og lese «Sein und Zeit» i huset over fjorden, utan nokon å dele det med før dei litteraturinteresserte nevøane kom inn døra. Den unge Knausgård vart skaka av onkelen: ein mann som såg dei store samanhengane, men sat åleine med dei og brukte dagane på fysisk arbeid.
«Dypt ironisk var situasjonen. Han som hadde en mer forfinet sjel enn de alle, en sjelden sensitiv mann, var den som løftet og bar. Sveiset og skrudde. Melket kyr og fóret kyr», står det skrive i «Min kamp».
No tek den gamle mjølkebonden oss med for å sjå på fjøsen. Målinga flassar av veggane, og graset på bøane er i ferd med å bli utmark.
– Eg skammar meg ved å vise dykk dette. Fjøsen er heilt forfallen. Bøane blir til myr. Eg burde ha gjort mykje meir.
– Finst det ikkje bønder i området som vil slå bøen for deg?
– Nei, då måtte eg ha betalt dei. Det er så stutte bøar og vanskeleg å snu med store traktorar. Dei er ikkje interesserte.
Ein halv potet
Hatløy bur åleine, i det same huset der han har budd det meste av livet. På kjøkkenet står middagen framleis framme. Pølser, brokkoli og ein halv potet står i ein kasserolle med sleiva i.
Hatløy ser mot komfyren.
– Ingen familie ville ha levd slik.
Han tykkjer det er eit godt liv, men han skulle helst sett at det var annleis.
– Eg tykkjer det er dumt at det vart slik. Eg trur eg vart øydelagd av å lese litteratur for tidleg.
Han las «Farvel til våpnene» av Ernest Hemingway som ung og vart slått i bakken av kjærleiken mellom Frederic Henry og Catherine Barkley.
– Eg har jakta på noko slikt, men eg har ikkje funne det. Eg har jakta på den store kjærleiken med stor S.
– Stor K, kanskje?
– Ja.
Då ungdommane i bygda banka på for å få han med ut, ville Hatløy helst at dei skulle gå. Han lengta tilbake til bøkene. No angrar han.
– Det er mykje sosialt eg ikkje har lært, fordi eg har vore så oppslukt av mi eiga verd. Kjærleiken fann eg aldri, og det tykkjer eg er synd. Det er ei verd og ei erfaring eg ikkje har tilgang til. Folk burde vere klar over kor heldige dei er, dei som har opplevd noko slikt.
Mao i Ytre Sogn
Då han var 13 år gamal, sende Kjartan Hatløy eit brev til den kinesiske ambassaden i Oslo. Året var 1967, og på radioen hadde han høyrt om kulturrevolusjonen i Kina.
Raudegardistar reiste over heile Kina for å fjerne spor av det gamle. Dei jaga lærarar og intellektuelle, brende bøker. Men i eit lite gardshus i Ytre Sogn las ein 13 år gammal gut Mao på ein annan måte: som eit løfte om at fattige bønder kunne reise seg.
«Eg vart kommunist for å kjempe for foreldra mine»
– Eg vart kommunist. Det vart eg for å ta vare på og kjempe for foreldra mine. Me levde i fattigdom, og eg såg korleis det sleit på dei. Mao ville gjere livet betre for bønder og fattigfolk. Det var stort for meg, som også kom frå fattige kår.
Då han vart gamal nok, byrja han å jobbe som skipsrøyrleggjar på skipsverftet Løland, tjue minutt unna. Målet var å rekruttere dei andre arbeidarane til den maoistiske rørsla. I tillegg dreiv han garden saman med faren, eit mjølkebruk med tre kyr. Om morgonen gjekk faren i fjøsen, og på kvelden gjorde Kjartan det.
Det politiske livet gav han meining. Til slutt vann han valet som hovudverneombod. Likevel var det mange rundt han som tykte det var synd at han ikkje fekk meir ut av livet.
– Systera mi, som var psykolog, kom ein gong til meg då eg var rundt 28 og trygla meg om å kome meg vekk herfrå. Ho sat her og grein, «Du er her. Du er her. Kan du ikkje finne på noko?» Eg vart litt forskrekka, for eg syntest eg hadde eit grei tilvære.
– Eg tenkte, «ja vel, om det er så gale, får eg gjere noko dramatisk». Eg verva meg til militæret og reiste til Libanon.

I eit halvt år gjekk han med automatgevær og passa på at militante frå den palestinske frigjeringsorganisasjonen PLO ikkje gjekk utanfor området sitt.
– Eg støtta jo palestinarane då, slik eg gjer no. Ein gong fanga me ein palestinar. Eg er glad for at han ikkje hadde ein stokk eller noko slikt i hendene, for då hadde han kanskje vorten skoten.
Mor med Parkinson
Heime att hadde Hatløy tent nok pengar til å byggje på det vesle huset i Hyllestad, slik at han kunne kome seg litt vekk frå foreldra.
På dette tidspunktet hadde mora utvikla framskriden Parkinsons sjukdom, og både han og faren brukte mykje tid på å hjelpe henne med alt ho før hadde gjort sjølv. Kirsti Hatløy hadde jobba på småbruket dagen lang, etter den strenge arbeidsetikken ho var oppdregen til. Plutseleg var det ho som trengde hjelp.
– Det var eit enormt slit, men både eg og far min var nøgde med innsatsen vår. Me klarte å ha henne heime, og me sende henne ikkje vekk før heilt til det siste. Det er eg stolt av.
Han arbeidde på verftet, mjølka kyr og agiterte for revolusjon, men så fekk han seg ein knekk i den revolusjonære gløden. For andre gong hadde han tapt valet om å bli klubbleiar på verftet.
Filosof i Bergen
Sur og skuffa flytta han til Bergen for å studere filosofi som 36-åring. Møtet med tenkinga til Martin Heidegger på filosofisk institutt vart ei nærast religiøs oppleving.
– Eg likte lyset i byen og stemninga på kafeane. Eg gjekk på jazzkonsertar og i filharmonien.
Men Hatløy vart også gåande mykje åleine. Han var 15 år eldre enn dei andre studentane og vart einsam.
– Eg er ikkje samd med Nietzsche i at det å vere åleine er ein stor og heilag ting. Eg fekk etter kvart dårlege nervar og byrja å slite med psykisk sjukdom.
«Psykose er å bli styrt av krefter som du ikkje ser»
Det førte til fleire psykotiske anfall. Berre eitt av dikta hans ber spor av det. Frå sjukehuset i Førde: to raude billykter som sakte krabbar rundt ein sving og blir borte. Eit gult lys frå vegen.
– Psykose er å bli styrt av krefter som du ikkje ser. Du lever i ein røyndom som er ultralokal; han gjeld berre deg. Smerta og forvirringa er nærast total.
Også Olav H. Hauge fekk psykosar. Og Friedrich Hölderlin, ein av dei største tyske poetane.
– Det har nok noko å gjere med at me er meir kjenslevare enn det som godt er. Sjukdommen har lært meg å ta vare på livet, seier Hatløy.
Etter tre år som student i Bergen flytta han heim att til garden. Ein psykolog i Bergen gav han eit råd: Skriv dikt.

– Då hadde eg nokre år tidlegare lese diktet «I natt har graset vorte grønt» av Olav H. Hauge. Det trefte noko i meg, og eg skjønte at også eg kunne skrive dikt.
I 1996 debuterte han, 42 år gammal, med diktsamlinga «Solreven». Tittelen kom frå slåtten heime. Når Kjartan vart ståande og sjå i staden for å arbeide, kunne faren spørje:
– Har solreven teke deg?
Før boka kom ut, hadde Samlaget refusert manuskriptet. I konsulentfråsegna stod det at «Hatløy tiltvingar seg ein autoritet han ikkje har». Oktober sa ja. Sidan har Svenska Akademien tildelt han Doblougprisen, han er nominert til Brageprisen og omsett til tysk.
Bilen frå Bodil
Det går ikkje så mange bussar i Hyllestad, så det er godt å ha ein bil. Han er liten og blå, ein Suzuki Ignis 2006-modell. Hatløy fekk han av enka etter Olav H. Hauge, Bodil Cappelen.
– Bodil ringde meg ein dag og sa at eg skulle få bilen hennar, for ho trengde han ikkje lenger.
Stundom set han seg i bilen og snirklar seg opp svingane til eit utsiktspunkt ved Ramsgrøvatnet, skrur av motoren og vert sitjande å sjå.
Ein gong for ikkje så lenge sidan var han mellom to medisinar og hadde uvant styrke i kroppen. Tidleg ein morgon sykla han i toppform opp til den same staden.
– Og der såg eg eit andepar lette frå det blikkstille, svarte vatnet. Det andeparet har sete seg i meg.
Med bilen køyrer han òg på bruktmarknad og geologikurs og treff folk i bygda.
– Eg er ganske sosial, så det er ikkje slik at eg berre er åleine. Eg har både vener og kameratar.
– Kva er skilnaden?
– Ein ven er ein som du kan fortelje det meste til. Ein treng ikkje å plage dei med alt, men ein kan vere ærleg. Eg har fleire slike.
Ingen annan heim
To timar kvar dag sit Hatløy heilt i ro, utan å gjere noko. Han ser på kampesteinane frå istida oppe på Lihesten, på svalene som jaktar insekt, på geitene ute på holmane i fjorden.
Han gjer det for å få mest mogleg ut av livet, seier han. Og for å forsøkje å finne ut kva det handlar om.
– Eg trur kanskje eg har skjønt like mykje av det som Martin Heidegger gjorde.
På stovebordet ligg bøkene framleis opne. Geologi, astronomi, Nietzsche. Hatløy fortel at han er velsigna med stor evne til konsentrasjon. Han forlèt aldri eit avsnitt utan å ha forstått det.

No byrjar det å dukke opp idear til nye dikt. Ute pressar greinene mot ruta. Ei kråke kan kome når som helst, hardt mot glaset, som om også ho vil inn.
No held han på med den sekstande boka. Arbeidstittelen er ei linje frå eit dikt: «Eg har ingen annan heim enn dette».
– Om eg lever om tre år, håpar eg at ho er ferdig. Eg håpar det.
Hatløy les vidare. To sider kvar dag.



