Ragnar Skre har fått tre innlegg mot seg, som alle oppfattar at han formidlar eit russiskpåverka perspektiv både på Ukraina og Georgia. For å avvise dette, skriv han i motinnlegget «Å betvinge virkeligheten» at «Russisk maktbruk er reell. Men kompliserte konflikter kan ikke reduseres til ‘det gode mot det onde’». Igjen: det er ingen konflikt, men krig. Og for dei fleste er ikkje dette meir komplisert enn at vi greier å ta stilling for dei som er offer for russisk imperialisme. I denne konteksten blir Skres bruk av ord som komplisert og komplekst, og understrekinga av at «det finnes andre fortellinger», ei skadeleg tåkelegging av fakta som berre tener Russland.