Aleksander Åsnes har delt denne artikkelen med deg.

Aleksander har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Ut av mørket

Lyspunkt: Leander Djønne tykkjer at det er mykje meir enn berre mørke i bøkene hans. Her er han fotografert i mørket i naustet på garden på Grimo i Hardanger. Lyspunkt: Leander Djønne tykkjer at det er mykje meir enn berre mørke i bøkene hans. Her er han fotografert i mørket i naustet på garden på Grimo i Hardanger.

I dei bratte bakkane over garden til Leander Djønne ligg det nokre steinar i graset. Det ser ikkje heilt ut som ei ur. Kan dette vere staden der ein far ein gong stod med ein stein i den eine handa og håret til kona i den andre, klar til å slå?

– Eg trur ikkje det. Dette er ein fredeleg stad.

– Er du sikker?

– Ja. Eg trur ikkje at det har skjedd noko slikt her. Om du tenkjer på ura i «Oskespiralen», så er det fiksjon, men ura er inspirert av garden oldefaren min kom frå, Steinateigen.

Djønne peikar ut over Hardangerfjorden, mot bygda Djønno. Der bur faren hans no.

– Oldefaren min var ein tyrann og ein drukkenbolt. Farmora mi voks opp i ein syskenflokk på tolv. Dei hadde det ikkje bra. Far min var ein utriveleg mann. Det fyrste minnet eg har, er at han bankar meg. Eg har vore oppteken av traumet som flyttar seg nedover i generasjonane.

Leander Djønne er romanforfattar, biletmakar og fruktbonde. I bøkene hans er garden sjeldan ein trygg stad.

No bur han sjølv på ein gard i Hardanger. Fjorden ligg blank og still, og lufta luktar som om noko er i ferd med å bli frukt.

Han stansar ved eitt av epletrea og tek ein rosa blom mellom fingrane. Treet er skore av ein som kan det. Bløminga er i gang, dei få dagane då Hardanger skiftar farge.

– Me har 1200 epletre. Det er ikkje så mykje her i Hardanger. Men det er ikkje nokon hobby. Det vert mykje arbeid. Eg likar det meste av gardsarbeidet. Før hadde me plommetre i tillegg. Det blei litt mykje.

Er det ikkje litt rart at du flytta attende til Hardanger etter alt du har opplevd her?

– Det er noko med det steile landskapet her som bur i meg. Folk frå flatbygdene på Hedmarken saknar morgondisen over kornåkrane. Folk frå kysten saknar vind, horisont og hav. Eg lengta ut av Oslo. Eg hadde gjort mitt der.

I Oslo merka han knapt at det blei vår før folk byrja å snakke om utepils. I Hardanger kan Djønne kjenne, sjå og høyre årstidene skifte.

– Me trivst her, men me hadde også realistiske forventningar til korleis det ville vere. Det er eit anna liv. Hardanger ligg upraktisk til. Du lyt nesten køyre dei seks timane om du vil til Oslo. Du finn ikkje noko ideell stad å bu, men her får eg ei kjensle av at det er godt å bu fleire gonger i veka.

Menn med traktatar

Etter krigen kom det skip frå Bergen inn fjordane på Vestlandet. Menn med biblar og traktatar steig i land og gjekk frå gard til gard med ein amerikansk endetidsbodskap: Verda skulle snart gå under.

Dei som heldt seg trufaste, skulle overleve og få leve vidare i eit jordisk paradis, utan sjukdom, alderdom og vondskap.

Bodskapen nådde farmora til Leander Djønne. Og for ei som hadde vakse opp med vald og mørke, verka det ikkje som så utruleg at endetida var nær.

«Eg identifiserte meg meir med ein flyktning enn ein nordmann»

På byrjinga av 1960-talet blei ho eit av Jehovas vitne.

– Det er eit val som framleis pregar mange menneske nesten 70 år seinare. Eg har til dømes ikkje kontakt med bror min og ungane hans. Sjølv om me var nære i oppveksten.

Og du har ikkje kontakt med far din?

– Nei, men det hadde eg uansett ikkje vore så interessert i å ha. Han har gjort for mykje gale.

16 år gamal flykta Djønne frå Hardanger, og som 17-åring enda han opp i Oslo.

– Eg braut med dei fordi det einaste alternativet eg hadde, var å ta mitt eige liv.

Det er ei formulering han seier utan ­kjensler, som om han har sagt ho mange gonger før.

I miljøet han kom frå innebar brotet at familien ikkje lenger kunne ha kontakt med han.

Kvifor fanst vondskapen?

Det var særleg opplevinga med å bli døypt som fjortenåring som sette Djønne på sporet av at han måtte ut. Etter det var det nemleg ingen veg attende.

Då hadde han fått oppgåver som å halde talar på stemne som Jehovas vitne held rundt om i landet. Ei stor ære, som nokre utvalde gutar får lov til. Likevel klarte han ikkje lenger å tru på dei tinga han stod på talarstolen og forkynte.

Det byrja med Jobs bok. Forteljinga om Gud som lèt djevelen plage eit menneske for å prøve trua hans, gjekk ikkje opp for han. Om Gud var allmektig, kvifor stoppa han ikkje det vonde? Om Gud var god, kvifor fanst vondskapen i det heile?

Spørsmåla var gamle. For tenåringen Leander var dei nye og farlege. I forsamlinga var tvil eit teikn på veikskap. Den som stilte feil spørsmål, kunne sjølv bli eit problem.

– Her opplevde eg Jehova som ein tyrann som inngjekk avtalar med djevelen for å plaga ein stakkar. I Jobs bok er jo Gud med på å torturera eit enkeltmenneske. Her gav Jehovas vitne ingen fornuftige svar, og det var farleg å stille spørsmål. Det kunne utløyse reprimandar i kyrkjelyden.

Fjorden: Leander Djønne likar å vere ute på fjorden med sin beste ven, 90 år gamle Halldor. Bak han ser me ­Sørfjorden, ein arm av Hardangerfjorden. Fjorden: Leander Djønne likar å vere ute på fjorden med sin beste ven, 90 år gamle Halldor. Bak han ser me ­Sørfjorden, ein arm av Hardangerfjorden.

Han saknar ikkje Jehovas vitne, og heller ikkje familien som støytte han vekk. Men noko gjekk tapt då han braut ut.

– Eg er lei for kjensla av å ha mista tidsvitne frå min eigen oppvekst. Det er som om alt eg opplevde med familie og vener fram til eg var 15 år, hende i eit slags vakuum, i ei verd eg ikkje lenger har tilgang til.

Då han endeleg kom på utsida, skjøna han kor djupt oppveksten hadde sett seg i han.

Utanfrå kunne Jehovas vitne sjå ut som ein del av lokalsamfunnet. Innanfrå var det ei eiga verd. Dei feira ikkje jul, bursdagar eller 17. mai. Dei røysta ikkje. Han fekk ikkje ha vener utanfor rørsla. Alt som høyrde til den verdslege verda var forbode.

– På utsida identifiserte eg meg meir med ein flyktning frå eit anna land enn med ein nordmann. Det var så mykje eg ikkje kunne, og så mykje eg ikkje forstod. Så mange referansar eg mangla. Eg var redd for at andre skulle oppdage det. Eg las og studerte alt eg kunne, for det var så mykje grunnleggjande eg hadde gått glipp av.

Eit langt, keisamt arbeid

Han vaks opp i ein heim utan bøker og i ein familie utan høgare utdanning. Difor tykkjer han at det er litt rart at han sjølv var så bestemt på å bli kunstnar.

Mange dagar køyrer Djønne i den svarte pickupen under dei bratte fjella langs fjorden frå garden på Grimo til den gamle praktgarden på Hesthamar. Der har han arbeidsrom i den gamle sorenskrivargarden frå 1700-talet. Veggane er fulle av kunst og ei teikning av bergensfilosofen Arild Haaland, som budde her i tjue år.

I det dunkle lyset som slepp inn i ei av dei gamle stovene sit han og jobbar med ei ny bok og ein ny film.

– Det er ein heilt grei stad å jobbe. Det finst ikkje så mange kontorplassar å velje mellom her i fjorden.

Bøkene hans er ofte blitt kalla mørke og groteske. Sjølv meiner han at det er ei for smal lesing.

– Eg prøver ikkje å bruke vald slik underhaldningsindustrien gjer, for å halde på ­merksemda. Eg prøver å skrive om situasjonar som faktisk skjer, har skjedd eller kjem til å skje. Verkelegheita er alltid verre enn fiksjonen.

For Djønne handlar bøkene også om å finne eit språk for det vakre i det øydelagde.

– Eg trur ikkje eg klarar å skrive romanar fordi eg har eit så stort kunstnarleg talent. Eg trur det kjem mest av at eg er arbeidsam. ­Skriving kan vere eit langt og keisamt arbeid. Éin ting er å ha ein idé. Det kan jo vere lystprega, og så kan du formulere ideen på ein dag. Men så må du faktisk skrive heile romanen.

Er ikkje nokre folk meir mottakelege for detaljar i verda enn andre?

– Jau, og til dømes Olav H. Hauge såg nok mykje som andre ikkje såg, men eg trur at om du hadde spurt han, så ville Hauge heller ha vore utan noko av den eigenskapen. Dei psykiske lidingane øydela jo på mange måtar livet hans. Han fekk seg ikkje kjærast før han var nesten 70.

Djønno ligg berre ein kort køyretur frå fruktgarden i Ulvik der Olav H. Hauge ein gong budde. Hardanger har fostra ei uvanleg tett lita litteraturhistorie: Hauge, Jon Fosse, Ruth Lillegraven og Leander Djønne. Ein Nobelpris og fem Brageprisar frå eit område som rommar færre folk enn dei minste bydelane i Oslo.

– Eg trur det både heng saman og er tilfeldig. Det var kanskje tilfeldig at Olav H. Hauge levde i Ulvik, men så skapte han kanskje Jon Fosse. Og så skapte Jon Fosse kanskje noko i meg og Ruth Lillegraven.

Bibelen tre gonger

Oppveksten tok mykje frå han. Men den gav han også noko han seinare kunne bruke.

Å vere eit av Jehovas vitne inneber å sitje i lange stunder og lese og studere bibeltekstar. Og for gutar inneber det å få opplæring i historieforteljing og talekunst.

Tenåringsgutar får lære korleis dei skal bruke kroppen og hendene for å fange eit publikum.

– Eg har lese bibelen frå perm til perm tre gonger. Og eg har blitt god til å konsentrere meg. Eg har ein luthersk pisk inne i kroppen min, som nærast ikkje tillèt meg å sove til lengre enn klokka fem. Det er nyttig når ein til dømes skal skrive romanar. Men no som eg sjølv har born, tenkjer eg på at det er viktig å la ungar slappe av. Me fekk ikkje lov til å slappe av då eg vaks opp.

«Eg er veldig oppteken av å ha noko fysisk i livet mitt»

Etter mange år i Oslo og i utlandet, så flytta Djønne heim til Hardanger. Seinare flytta kjærasten Tora inn på garden.

Han saknar venene i Oslo, og han kan saknar å vere meir rundt andre folk som driv med det same som han.

– Folk her er ofte anleggsarbeidarar og fruktbønder.

– Du er jo fruktbonde sjølv?

– Ja, eg er veldig oppteken av å ha noko konkret og fysisk i livet mitt. Nokre ­kunstnarar i byane lever kanskje meir i ei boble, der alt handlar om kunst og miljøet rundt. Eg treng å ha noko i tillegg. Det kan vere fruktdyrking, men det kan også vere å bryte opp og vøle denne garden. Han stod heilt forfallen og attgrodd då eg kjøpte han. Det hadde budd ei kvinne her som rei rundt på esel og som måla alt av veggar og tak svart.

– Er det vanleg å ri rundt på esel i Hardanger?

– Nei, det trur eg ikkje.

Svart tak

Inne i det vesle gardshuset sit kona Tora med dottera Møyfrid ved brystet. Ho er to veker gammal. Sonen Halldor er i barnehagen.

I taket har dei teke vare på små delar av det kolsvarte taket til den eselridande dama.

I bøkene til Djønne er barn sjeldan trygge.

– Det er mogleg å ha ein dårleg oppvekst og bli ein god far. Når du er van med oppdragarvald, kan vald bli ei rutine. Har du fyrst teke det i bruk, kan det bli ein måte å dominere på. Kombinerer du det med tungt alkoholmisbruk, slik som i min familie, kan det gå gale. Eg kan sjølvsagt kjenne på sinne. Men eg har strukturar og er heldig med gode menneske rundt meg.

Er du redd for at du ber noko av det same som far din i deg, no som du sjølv er far?

– Ja, det er klart at det ligg ein angst i meg for akkurat det. Eg ber jo det arvematerialet hans og til andre i den slekta. Samstundes ber eg ansvaret for mitt eige liv. Og eg meiner at det er mogleg, for alle, å ikkje gjere same feil mot andre som det du sjølv har opplevd.

Klassekampen har lagt fram påstandane i denne artikkelen til faren til Leander Djønne, men ikkje fått noko svar.

Stilla saman

Bak eit av epletrea, oppe mot nabogarden, dukkar det plutseleg opp eit hovud. Ein gammal mann ser lenge på oss. Så forsvinn han. Så dukkar han opp att.

Han verkar veldig nyfiken på å sjå kven dei framande på garden er, men forsøka me gjer på å opprette kontakt, er fånyttes.

– Det er Halldor. Han er min beste ven. Han er 90 år gamal. Eg har kalla opp sonen min etter han.

Kva pleier de å gjere på saman, då?

– Me lagar krekling- og morellvin, og så drikk me vinen. Og me er ute på fjorden i trebåten hans.

Og pratar om kunst?

– Nei. Me pratar om Hardanger i gamle dagar. Og me slaktar dyr og fiskar i lag. Og så sit me mykje saman utan å prate. Det er mogleg å lære seg det.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Portrett

Ubeha­ge­lig­heter blir feid under teppet. Anawana Haloba viser dem fram.

Arve Tellefsen har ingen planer om å legge fiolinen på hylla

Den ferske Rød Ungdom-lederen Alexandra Fredwall vil helst snakke om systemet. Alle andre vil snakke om henne.