Sidan NHO-foreininga Norsk Industri blei etablert i 2006, har Stein Lier-Hansen vore administrerande direktør.
Den mektige Lier-Hansen hadde bakgrunn frå Norges Jeger- og Fiskerforbund, og var statssekretær i Miljødepartementet for Arbeidarpartiet tidleg på 2000-talet.
Lier-Hansen blei internt oppfatta som ein «ekstremt god lobbyist». Det slo ned som eit sjokk blant hans aller næraste då det i 2023 kom eit varsel om han, og det etter kvart blei rulla opp ei stor korrupsjonssak om det som blei omtalt som ein «bisarr» pengebruk og «jakt i øst og vest».
Då Økokrim til slutt la ned påstand om straff, var kravet fem år og fem månadar i fengsel for grov korrupsjon. I går kom dommen frå Oslo tingrett. Lier-Hansen blei dømt til fem års fengsel for grov korrupsjon, og må også betala tilbake over ti millionar kroner til sin tidlegare arbeidsgivar Norsk Industri.
Lier-Hansen hadde i går ikkje fått lest dommen, men seier:
– Eg har ikkje erkjent og kjem ikkje til å erkjenna at eg har utøvt grov korrupsjon. Men det er mi subjektive oppfatning. Kanskje forstår eg ikkje jusen.
Han vil venta til han får råd frå juristane om saka bør ankast.
– Men du er klar for ny runde i retten dersom det er rådet frå juristane?
– Ja, dersom juristane er klar på at saka bør ankast, så toler eg både ein og to rundar til, seier Lier-Hansen.
Han vil ikkje kommentera den enorme erstatningssummen på ti millionar kroner han er pålagt å betala Norsk Industri.
Ikkje overraska
BI-professor Petter Gottschalk er ikkje overraska over dommen, men han er heller ikkje overraska over at Lier-Hansen, som hadde sete årevis på toppen av Norsk Industri, sklei over i gråsona.
– Det me ser blant menneske i samfunnseliten som sit for lenge i posisjonane sine, er at dei glir over på den tvilsame og til slutt den ulovlege sida der dei tar seg til rette, seier han.
Han meiner Lier-Hansen er i godt selskap.
– Det me veit, er at veldig få blir tatt. Det me anslår er at når han no er tatt, så er det 15 som ikkje blir tatt. Det er det me kallar mørketalet.
«Eg toler både ein og to rundar til.»
— Stein Lier Hansen
Gottschalk trur at Lier-Hansen aldri kjem til å sona i fem år. Han trur Lier-Hansen kjem til å anka til lagmannsretten, som kan redusera straffa. I neste instans spår Gottschalk at saka blir avvist av Høgsterett. Dermed kan Lier-Hansen hamna i fengsel om to år, og vil truleg sone to tredjedeler av ein dom som er kortare enn fem år.
– Så det har ingen preventiv verknad dessverre, for det er trygt å gjera seg skuldig i denne type kriminalitet i Noreg, seier Gottschalk.
Professoren meiner det må bli tryggare og gunstigare å varsla. Han viser til USA, der varslar kan bli påskjønna. Han meiner også det er viktig at toppleiarar ikkje blir sittande for lenge i stillingane sine.
– Maks fem-seks år, seier han.
– Ekstrem høg tillit
Ifølge dommen sat Lier-Hansen igjen med over 1,9 millionar kroner ved at han i åra 2014 til 2020 kravde og mottok bestikkingar i form av betaling frå ein konsulent, som samstundes fakturerte Norsk Industri kostnadar for konsulenttenester på over 4,2 millionar kroner. Det er for dette Lier-Hansen er dømt for grov korrupsjon. Lier-Hansen forklarte i retten at han hadde lånt ut 700.000 kroner, fekk betalt tilbake for lånet, og i tillegg fekk renter og oppgjer for rakfisk og kjøt.
I den 155 sider lange dommen skriv Oslo tingrett at Lier Hansen har utført «meget alvorlige brudd på den tilliten han var gitt». Det blir mellom anna vist til den posisjonen han hadde til å forvalta norske arbeidsgivers interesse som forhandlar av frontfaget som får betydning for lønns- og arbeidsvilkår i heile det norske arbeidslivet.
«Lier Hansen hadde ekstremt høy tillit både som følge av sin posisjon og sin person, og har utnyttet det til å få Norsk Industri til å betale for sine fritidsaktivitet og laget system for å få penger utbetalt til seg. I tillegg til at det påførte Norsk Industri økonomisk tap, er det ikke tvilsomt at det ga et omdømmetap og har kostet Norsk Industri betydelige ressurser også på andre måter, herunder påvirket tidligere medarbeidere.»
Ifølge dommen blei Norsk Industri urettmessig sittande med kostnadar for i overkant av 10,2 millionar kroner, frå perioden 2016 til 2023. Dei største summane er knytt til betaling for sjøflyturar, jakt, fiske og leige av hytte, som Norsk Industri ikkje hadde noko med.
537.563 kroner var knytt til restaurantbesøk med vidare belasta av Norsk Industris kredittkort hos Eurocard, som Stein Lier-Hansen disponerte.
Kjente seg delvis skuldig
Stein Lier-Hansen kjente seg i retten delvis skuldig i økonomisk utruskap, men erkjente seg ikkje skuldig i grov korrupsjon.
Lier-Hansens advokat Petter Mandt kunne i går ikkje forskottera om dommen blir anka, eller ståande.
– Me må no gå grundig gjennom dommen, den er lang, og vurdera korleis han stiller seg til den, seier forsvarar Mandt.
Styreleiar i Norsk Industri Ståle Kyllingstad var i går ordknapp, men gjentok at saka er og har vore svært alvorleg for Norsk Industri.
– Saka har vore gjennom ein grundig rettsprosess. Me tar dommen til etterretning, og ser at me er tilkjent erstatning. No avventar me og ser om dommen blir ståande, seier Kyllingstad.
Retting, 22. mai 2026: I ein tidlegare versjon av artikkelen er Petter Gottschalk titulert som "NHO-professor" og "NHH-professor". Det rette er at han er professor ved BI.



