– Me er midt i ei energikrise, og Hormuzsundet er stengt. Kvifor går børsane oppover?
– Det er eit mysterium det der. For den norske børsen er det slik at Equinor tener på høge gassprisar, Hydro tener på høge aluminiumprisar, og Yara tener på høge gjødselprisar. For den amerikanske er det drive av teknologiselskapa. Det er forferdeleg det Trump har stelt i stand. Infrastruktur vert øydelagt og handelen vert stogga. Likevel meiner marknaden at det går bra. Marknaden trur KI kjem til å bli enormt viktig, og det pressar aksjekursane opp. Eg har lenge vore optimistisk til kunstig intelligens. Det finst heilt klart store moglegheiter der.
– Korleis vil du seie at det går i norsk økonomi for vanlege nordmenn om dagen?
– Det går knallbra. Prisane stig, renta pressar opp, men lønene stig meir enn prisane. Eg seier ikkje at absolutt alle får det betre, men i gjennomsnitt har nordmenn det veldig bra. Me har fått det betre dei siste åra, og mykje tyder på at me får det betre framover òg.
– Kvifor kjenner ikkje alle det slik?
– Fordi folk heng seg opp i det som blir dyrare. Me er litt irrasjonelle. Når ei vare me kjøper mykje av stig kraftig i pris, så ser me det veldig tydeleg, utan nødvendigvis å tenkje på heilskapen.
– Du har tidlegare sagt at Norgespris ikkje har ført til meir sløsing med straum. Men forskarar ved NTNU har hevda det motsette i ein kronikk i Dagens Næringsliv denne veka.
– Ja, eg har lese han. Dei reknar feil. Dei samanliknar grupper som er veldig ulike. Når folk vel å betale dobbel pris for straum ved ikkje å ha Norgespris, så er ikkje det ei gruppe du kan samanlikne med dei som har Norgespris. Mange av dei som ikkje har Norgespris, har lågt forbruk av heilt andre grunnar. Folk flest brukar straumen dei treng. Me er ikkje så fattige i Noreg at folk sit og frys i ti varmegrader for å spare 20 kroner på straumen. Då let folk heller vere å gå på restaurant. Eg meiner at eg har dokumentert at Norgespris ikkje fører til noko særleg auka forbruk. Det er eg trygg på.
– På NHO-konferansen tidlegare i år var det mykje snakk om Sverige. Mange næringslivsleiarar ser på Sverige som meir innovativt og meir gründerorientert enn Noreg. Synest du at Sverige er betre enn Noreg?
– Me ser nok litt opp til Sverige fordi dei verkar meir innovative. Samstundes er det mykje me er gode på i Noreg òg. Men Sverige har vore flinkare innan høgteknologi og kunstig intelligens. Kanskje handlar det om at Noreg er så retta mot energi at dei beste hovuda går til dei bransjane, i staden for å jobbe i teknologiselskap. Det er litt pussig kor langt bak Noreg ligg når det gjeld tekselskap.
– Det blir sagt at dei unge i dag kan bli den fyrste generasjonen som ikkje får det betre materielt enn foreldra sine. Delar du den oppfatninga?
«Marknaden trur KI kjem til å bli enormt viktig, og det pressar aksjekursane opp.»
— Robert Næss, investeringsdirektør i Nordea
– Nei, verkeleg ikkje. For det fyrste skal dei uansett arve oss, og for det andre kjem unge folk til å få det materielt betre enn oss på grunn av kunstig intelligens. Ein utdanna person kan lære mykje raskare med KI og bli svært effektiv på kort tid. Dei flinkaste kjem til å bli endå meir attraktive og godt betalte. Nokre av dei som ikkje heng med, kan få problem på arbeidsmarknaden. Men samfunnsøkonomien vil vekse.
– Problemet er vel at store språkmodellar ofte tek feil?
– Ja, men dei sparer òg enormt mykje tid. Eg tenkjer ikkje på KI som noko der du trykkjer på ein knapp og får eit perfekt svar. Eg tenkjer på det meir som ein assistent. Du diskuterer med systemet og får gode innspel, sjølv om ikkje alt er rett. Så lenge du sjølv har kontroll og kompetanse, fungerer det veldig bra. Eg har brukt KI mange gonger i dag. Eg har sete å rekna på den DN-kronikken i heile dag, og då har KI vore nyttig. Og så fungerte ikkje kaffimaskina i dag tidleg. Då tok eg eit bilete og fekk ei forklaring på korleis eg kunne fikse ho.
– Mange utviklarar seier at sjølv om KI kan skrive kode, så må dei sjølve forstå systemet og koden bak det for å kunne levere frå seg eit produkt. Er ikkje det ein flaskehals som vil hindre at KI erstattar folk?
– Jau og det handlar om ansvar og kvalitetssikring. Men marknaden trur likevel at KI kjem til å endre mykje. Mange programvareselskap blir no prisa lågare fordi investorar fryktar press på marginane. Eg trur marknaden overdriv litt, men utviklinga kjem definitivt til å gå i retning av at KI vil bety veldig mykje. Det betyr ikkje at forretningsmodellane til alle KI-selskap kjem til å lukkast. Dei tapar enorme mengder med pengar no, og det er ei utfordring dei må løyse, men teknologien kjem til å forandre samfunnet.
– Donald Trump er i Kina denne veka. Har du tru på kinesisk økonomi dei neste tjue åra?
– Ja. Kina er ekstremt målretta. Dei investerer enormt mykje i industri, teknologi og fornybar energi. Mange i vesten er opptekne av at Kina framleis har mykje kolkraft, men dei har også enormt mykje grøn energi no. Dei har ein langsiktig strategi som mange vestlege land manglar. Kina er framtida, trur eg. Eg er spent på kva som skjer med Taiwan. Xi byrjar jo å bli gamal, og det er mykje som tyder på at det er viktig for han å sameine Kina og Taiwan. Eg trur ikkje det blir ei plutseleg overtaking, men kanskje ei mjuk og gradvis løysing.



