Solveigs salt

Naturen og viljen

Helsevesenet var så hekta på makt at det var farleg for folk.

Bak huset vårt står det ei sitkagran, sliten og rufsete og heller låg for alderen. Endå fangar ho nordavinden før han rekk å blåsa rett inn i stova. Ho gjer det ikkje for å vera god mot oss, og hadde ho fått velja, ville ho nok heller ha planta seg på ein lunare stad, så ho kunne strekkja ut greinene utan at vinden tørka ut kvistar og bar. Dess meir takksam er eg for at ho enno held stand, og ikkje visna vekk den sommaren då ho blei sjuk og nesten alle dei lysegrøne skota fall av.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Lille­bjørn­byen

Det er ingen ting som svinger sånn som det gjorde før,» seier tanta til Beate. I ungdomen hadde ho den uforliknelege Robert Normann til å spela opp til dans, og det er berre i sjeldne stunder med Django Reinhardt på grammofonen at ho finn tilbake til det Oslo som ein gong var. Men for meg, som først lærte denne byen å kjenna gjennom barnetimen for dei minste i radioen, der den fjåge røysta til Anne-Cath Vestly mana fram ein slitesterk småkårsidyll, er han framleis like venleg og imøtekomande. Det kjem særleg av at då eventyrstundene til Anne-Cath ebba ut, tok Lillebjørn Nilsen over med «Fin frokost» og den gamle brua som kan bera hundre mann berre dei ikkje marsjerer. Ho spenner over Akerselva, som han kanskje ikkje nemner direkte i nokon av songane sine, men som likevel må ha vore ei poetisk åre der ho flyt blank og tankefull forbi like bak huset hans i Maridalsveien. Der terrenget skrånar ned mot sentrum, ligg heimen til den moderlege Hønse-Lovisa og balanserer mellom dikting og sanning, med eit skilt utanpå som fortel at ho var ein rollefigur i skodespelet «Ungen» av Oskar Braaten. Verkelege menneske kan få kjøpt verkelege vaflar der, og ein travel far med ein unge som nettopp har sovna, kan trilla barnevogna ned til benken nedi bakken og få seg ei fredastund i elvebruset nett der det aukar på med kvitt skum mot svart berg. I flatare land, som Frankrike, traskar turistane omkring i snirklete parkar og ser på springvatn som må pumpast opp med energikrevjande maskineri for å koma høgt nok til vêrs til å sjå flott og imponerande ut. Det kan vel greia seg når ein ikkje har noko anna, men det er ingenting mot ei livs levande elv som renn for eiga kraft. Den norske hovudstaden, som i alle år hadde fått høyra at han berre var ein dum liten småby i eit land som ingen hadde høyrt om, måtte gå nokre rundar med seg sjølv før han forstod at desse fossestryka som ein gong dreiv vasshjula til dei fabrikkane som sidan har blitt restaurantar og kulturhus, har mykje meir sprut i seg enn fontenene i Versailles.

Det godes problem

Bondeguten frå Nebraska er liten og spinkel som ein søndagsskuleengel, og så fattig at han må snika seg til å overnatta på arbeidsplassen, som er akuttmottaket i fjernsynsserien «The Pitt». Han finn seg audmjukt i den motgangen han møter, enten det no er å bli oversprøyta med blod eller å bli terga av ein annan nyutdanna lege som på sitt vis er like utanfor som han sjølv. Likevel hadde han knapt greidd seg om ikkje overlegen hadde sett etter at han ikkje lét seg utnytta av dei særskilt trengande, som den unge kvinna som blei enkje etter at mannen hennar, som var bonde, kom inn med tredjegradsforbrenning over heile kroppen. Men etter kvart som serien skrir fram, viser det seg at jamvel den reinaste nestekjærleik ber i seg eit grann av makt, og jamvel den gode hjelparen kastar skugge. «The Pitt» er eit dramatisk verk skapt etter det aristoteliske prinsippet om einskap i tid og stad: Kvar sesong handlar om ei einaste femten timars vakt, der kvar episode tek for seg ein einaste time på det same sjukehuset. I motsetnad til sjukehusseriar flest er han fri for kjærleiksintrigar og sjarmerande dritsekker, og av verda utanfor ser me ikkje anna enn parkeringsplassen og litt av gata. Det meste av dramatikken ligg i behandling av skadar, som er så nøyaktig framstilt at ein ung kirurg eg kjenner, seier at han har lært ein ny metode for å stansa blodsprut frå halsen. Samtidig er denne serien eit moralsk åtak på den statlege raseringa av helsevesenet, avskaffinga av demokratiet og innføringa av einevelde i USA.

Tendens­dik­ting

Eyvin Dahl kom til Stavanger som ung lege i 1922. Han gjorde seg sterkt gjeldande som radikal politikar, og dreiv for eiga rekning eit svært godt utstyrt sjukehus der det ikkje var så nøye om pasientane kunne betala. Men det er først i år at han har fått sin eigen biografi, «Med åpent visir», skriven på grunnlag av mangeårig studium av historikaren Jan Magne Arntsen. Bakarst i boka står kortromanen «Samfundet dreper», som Dahl skreiv i 1934, då han var sjuk av nervefeber og ikkje kunne gå på jobb. Han opnar nesten Alexander Kielland-aktig med ei poetisk-sarkastisk skildring av husværa til fattige og rike, og held fram med nådelaus utlevering av ein kristeleg skomakar som ikkje greier omstillinga frå handverk til industri og drikk opp dei pengane som kona skulle kjøpt mat til ungane for. Deretter samlar han seg med veldig engasjement om den tragiske lagnaden til skomakardottera Vesla, som han møtte første gong då ho var ein optimistisk liten jentunge, og ikkje såg igjen før det var for seint. Her tek Dahl utan vidare til å snakka med si eiga røyst, som vakthavande lege den natta tolv år gamle Vesla blir innlagd med lungebetennelse. Det gjev forteljinga ein uventa vri, som om Alexander Kielland skulle kome på besøk hos Marianne i «Garman & Worse» og gjeve henne si fulle støtte til å slå tilbake mot dei som har straffa henne for at ho har våga seg til å ha eit kjønnsliv.