
László Krasznahorkai
Den ungarske nasjonens sikkerhet. På jakt etter dagsommerfugler
Omsett av Ove Lund
Cappelen Damm 2026, 192 sider
Ved første blikk framstår fjorårets nobelprisvinnar László Krasznahorkais nye roman som nett ei slik bok ein skriv etter å ha vunne ein nobelpris: litt kort, litt lett og med tydelege sjølvkommenterande trekk; her spelar ein forfattar ved namn László Krasznahorkai ei sentral rolle. Etter det eg forstår, var likevel «Den ungarske nasjonens sikkerhet» allereie annonsert då han fekk prisen, og romanen kom ut i Ungarn kort tid etter. Boka viser seg å romme mykje meir enn uforpliktande prisvinnarprosa, men dette er likevel ikkje ein av dei store, seige og verkeleg tungtvegande Krasznahorkai-romanane, som debuten «Satantango» (1985) og oppfølgjaren som på dansk heiter «Modstandens melankoli» (1989), eller dei nyare karnevalistiske undergangseposa «Baron Wenckheim vender hjem» (2016) og «Herscht 07769» (2021).
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn


