Ungdomspartiet til KrF har teke tydelege skritt i konservativ retning dei siste åra, og no vil programkomiteen stramme skrustikka fleire hakk.
Det nye utkastet til KrFU-program varslar ein tydeleg kurssving mot høgre. Her er nokre av hovudpoenga i det nye programmet:
- Statleg sløsing: Handlingsregelen skal ned til 2 prosent frå dagens 4 prosent. Legge ned Innovasjon Noreg og kutte budsjetta i offentleg sektor.
- Skattekutt: Formuesskatten og exit-skatten skal vekk.
- Krigskurs: Alle 19-åringar skal bli pålagt eit beredskapskurs, og rolla deira i ein eventuell krig skal bli kartlagt.
- Kulturell opprustnad: KrF vil innføre ein norsk kulturkanon, krevje at innvandrarar teiknar «verdikontrakt» og leggje større vekt på den kristne fellesskapen kring nasjonen.
– Me er ikkje så opptekne av om folk kallar det høgre eller venstre. Det viktigaste er at dette er dei løysingane som Noreg treng. Det er verda som har endra seg. Då må politikken endre seg òg, seier Torkel Bjuland, leiar for programnemnda i KrFU.
Klar for krig
KrFU-leiar Ingrid Olina Hovland fekk i haust merksemd etter at ho sa at ein ikkje bør ta abort, sjølv om graviditeten skuldast valdtekt. Hovland har seinare presisert at ho snakka om kva ho sjølv ville ha gjort.
Eit nytt punkt i programmet til ungdomspartiet i år er framlegget om beredskapskurs for alle 19-åringar.
– Alle har ei rolle om det blir krig. Me ser føre oss at alle 19-åringar skal bli pålagt eit sommarkurs. Der skal dei lære til dømes det å overleve i naturen, men også det å beskytte seg sjølv, seier Bjuland.
– Skal dei få våpentrening?
– Alle treng ikkje våpentrening, men alle kan ha nytte av å lære seg å beskytte seg sjølv. Eg trur at det vil styrkje tryggleiken til folk å få vite kva rolle dei skal spele i ein krig.
Mindre sløsing
Bjuland og andre unge KrF-arar er tungt inspirert av dokumentarfilmen «Hvor blir det av penga?» som kom ut i fjor sommar.
Dokumentaren vart laga av skitrenaren og påverkaren Sindre Wig Nordby. I filmen hevdar han å påvise at Noreg er eit overregulert samfunn kor staten jobbar dårleg og dyrt.
På videotenesta Youtube er filmen oppført med nesten 700.000 visningar. Ifølgje filmskaparen sjølv har den totalt meir enn tre millionar avspelingar.
– Den har vore ein inspirasjon for oss. Sjølv om veldig mange har sett den dokumentaren, fekk den ingen konsekvensar i valkampen. Eg meiner at det er eit generasjonsskilje no, der dei unge er meir opptekne av sløsing enn dei eldre, seier Bjuland.
– Kva er eit døme på sløsing?
«Alle kan ha nytte av å lære å beskytte seg sjølv.»
— Torkel Bjuland, leiar av programnemnda i KrFU
– Me vil leggje ned Innovasjon Noreg. Byråkratar er ikkje gode til å avgjere kven som skal vere vekstbedrifter i framtida. Der må kapital og marknad styre. Enova og klimasubsidiar vil me kutte. Havvindsubsidiar er eit anna døme.
Senke handlingsregelen
Eit av grepa det nye programmet føreslår å ta for å få bli kvitt sløsinga, er å senke handlingsregelen for bruk av oljepengar.
Handlingsregelen seier at bruken av oljepengar i statsbudsjettet ikkje kan vere meir enn 3 prosent av verdien på oljefondet.
I årets statsbudsjett kom kring 580 milliardar kroner frå oljefondet, og det var tilsvarande 2,8 prosent.
Om KrFU fekk gjennomslag for å senke handlingsregelen, måtte me ha fjerna kring 160 milliardar kroner frå statsbudsjettet.
– Når fondet er på 20 000 milliardar kroner, er 3 prosent svært mykje pengar. Ein firedel av statsbudsjettet bør ikkje vere oljepengar. Eg trur det er lurt å avgrense dei midlane vi har tilgang til frå oljefondet. Folk veit ikkje kvar pengane blir av – dei berre forsvinn. Det er mykje pengar som kunne ha gått til betre velferd, og vi kunne hatt meir midlar til å utvikle samfunnet
– Dersom me strammar inn tilgangen på pengar, må me også stoppe opp og gjere reelle prioriteringar. Me har for store departement, for stor stat, for stor offentleg sektor og for stor forvaltning, seier Bjuland.
For mykje innvandring
Eit av dei viktigaste punkta i det nye programmet er at Noreg er eit verdifellesskap, og at det er dei kristne verdiane som gjev landet vårt retning.
«Norge er mer en kvikk lunsj og brunost. Vårt samfunn er bygget på og avhengig av at vi har ett sett med felles verdier», står det i forslaget.
– Me meiner det har vore for mykje innvandring, og at me ikkje har klart å integrere folk godt nok. Integrering handlar ikkje berre om språk og arbeid – det handlar også om verdiar og kultur.
For å sikre eit felles verdigrunnlag vil Bjuland og KrFU mellom anna krevje at alle lyt signere ei verdikontrakt for å få statsborgarskap, og dei vil utvikle ein kulturkanon med bøker og litteratur.
– Utan eit slikt verdigrunnlag kan kulturen forsvinne, og me er avhengige av å ha nokre felles verdiar i botnen. Alle som kjem til Noreg, må støtte ytringsfridom, medmenneskelegheit og slike grunnleggjande prinsipp, seier han.



