Essay

God morgon, Amerika

Thomas Pynchon kallar fascismens spøkelse fram frå skuggane.

Foto: Jon Sailer/Unsplash Foto: Jon Sailer/Unsplash

Trass i at bøkene hans rommar djup og brei kjærleik til gamle Hollywood-filmar, hadde eg vel ikkje trudd at noko som har namnet Thomas Pynchon knytt til seg skulle vere nominert til 13 Oscar i 2026. Sidan romandebuten «V.» i 1963 har den folke- eller i alle fall mediesky forfattaren gitt ut sjangervrengjande romanar som er mildt sagt krevjande, grovt sagt uleselege – om ein då prøver å lese dei slik ein les romanar flest, med vekt på innleving i indre liv og openlys samanheng i ytre handling. I staden har Pynchon dukka djupt ned i amerikansk historie og (sub)kultur, og fylt romanane til randa med detaljrik sakkunne, systemkritisk mistru, undergravande gags og (pop)kulturelle referansar. Dei viltveksande forteljingane har eit enormt språkleg register og overskot, og skrik ikkje nett etter å bli overført til lerretet.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Bokmagasinet

Nordisk råd

Solvej Balle nærmar seg siste stasjon i sitt enorme europeiske roman­pro­sjekt.

Kommentar

Det er kulturkrig i biblio­teket.

Intervju

Kunst og hverdag, minner og nåtid flyter sammen når Aasne Linnestå skriver om sin barndoms Rjukan.