Opprusting i Europa sto på agendaen på tryggingskonferansen i München i år.
Gatene var prega av reklameplakatar frå den tyske droneprodusenten Quantum, og i talane til den franske presidenten Emmanuel Macron og den tyske kanslaren Freidrich Merz var oppbygging av militæret det store temaet.
Både den amerikanske visepresidenten J.D Vance i fjor og utanriksminister Marco Rubio i år har bede europearane om å gjere meir for å forsvare seg sjølve.
«Me ynskjer ikkje at allierte skal vere svake, for det gjer oss svakare.», sa Rubio i talen sin i München laurdag.
Og europearane svarar på oppmodinga.
I eit rom inne på hotellet Bayerische Hof trefte forsvarsminister Tore O. Sandvik og statsminister Jonas Gahr Støre sine tyske kollegaer Boris Pistorius og Friedrich Merz for å signere ein ny forsvarsavtale mellom Noreg og Tyskland laurdag.
– Dette er ein del av ein ny generasjon forsvarsavtalar som syr saman Europa. Desse avtalane er større, breiare og viktigare enn dei me har hatt før, seier forsvarsminister Sandvik.
Tyske lager
Avtalen inneber mellom anna at tyskarane kan lagre utstyret sitt i Noreg. Og på sikt fortel forsvarsministeren at målet er at me skal få tyske område som skal minne om dei omforeinte områda som amerikanarane har sikra seg rett til å byggje opp i Noreg.
Desse vert kalla amerikanske basar av kritikarane. Sandvik meiner at det er positivt for Noreg om også tyskarane får større nærvær.
– Dersom tyskarane skal kome og hjelpe oss, så vil det gå mykje raskare dersom dei har utstyr lagra her. Det er slik amerikanarane allereie har det. Det er ein del av det å passe på kvarandre, seier han.
For sjølv om forsvarsministeren skildrar dei nye forsvarsavtalane Noreg har inngått med Tyskland og Storbritannia som dei største nokon gong, så er det berre byrjinga.
– Me har eit mål om å utvide denne avtalen med Tyskland vidare til ein traktat. Det tek litt lengre tid, for det er eit suverenitetsspørsmål som må innom Stortinget og Bundestah. Men det er det me ynskjer, seier han.
Europakommisjonens president Urusula von der Leyen tok på laurdag til orde for å gjere alvor av eit EU-styrt europeisk forsvar.
Den norske forsvarsministeren trur ikkje noko på det.
– Eg oppfattar ikkje noko rop frå EU-landa på noko EU-forsvar. Nato har fleire menneske utanfor EU enn innanfor EU. Tyrkia, Storbritannia, Noreg, USA og Canada er avgjerande for forsvaret av Europa.
Rubio fekk applaus
I år som i fjor var den største hendinga på tryggingskonferansen at talen til den øvste amerikanske representanten.
Klassekampen trefte utanriksminister Espen Barth Eide i ei sidegate i den delen av byen som er avstengd like etter talen. Dei fleste ekspertar har skildra talen som meir forsonande enn då J.D Vance skildra Europa som eit kontinent på veg til sivilisatorisk kollaps i fjor.
Talen til Rubio bar likevel preg av ei liknande verkelegheitsoppfatning. Hovudbodskapen var at Vesten er på ville vegar.
«For å blidgjera ein klimakult har me pålagt oss sjølve energipolitikk som gjer folket vårt fattigare. Og i jakta på ei verd utan grenser opna me dørene våre for ei uhøyrd bølgje av masseinnvandring som trugar samhaldet i samfunna våre, kontinuiteten i kulturen vår og framtida til folket vårt», sa Rubio, og fekk ståande applaus av dei europeiske statsleiarane som i fjor var tause etter Vances tale.
– Eg meiner at skildringa av Europa er heilt feil. Det var likevel ein meir forsonande tone enn i fjor, og det trur eg mellom anna handlar om at Europa har gjort mykje for å styrke vårt eige forsvar, seier Eide.
– Tyder det at Vance hadde nokre gode poeng då han skildra Europa i fjor?
«Det siste året har synt at USA har tapt makt, og ikkje bygd makt.»
— Espe Barth Eide (Ap), utanriksminister
– Han hadde kanskje nokre poeng, men han tek heilt feil når han sa at Europa står ovanfor ein sivilisatorisk kollaps. Europa har nokre utfordringar, og det er ikkje alt ved innvandringa til Europa som er uproblematisk. Men nokre av dei beste landa å bu i ligg i Europa, seier Eide, og legg til:
– Livet er meir enn BNP. Me har ein velferdsstat som tek vare på oss, ungane våre vert ikkje skotne på skulen og me har ein rettsstat som fungerer. Dette er kvalitetar me har.
Og i det Eide fortel kor feil Marco Rubio tek, spaserer den amerikanske utanriksministeren tilfeldigvis forbi med ei stor samling livvakter og anna personell.
Eide helsar ikkje på han, men held fram:
– Det siste året har synt at USA har tapt makt, og ikkje bygd makt. Magien i amerikansk påverknad var aldri bygd på hangarskip og dollar, men i evna til å inspirere andre.
Sosialdemokrati
Eide meiner at det er mogleg å forstå noko av skildringa som Trump-regimet og Maga-rørsla fortel om livet etter globaliseringa.
– Det er ingen tvil om at USA fekk eit rustbetle med nedlagd industri, og mange folk som vart hengande etter. Eg må seie at dersom du vil ha frihandel, så bør du også ha sosialdemokrati. Dei to tinga passar veldig godt saman, seier Eide.
Han trur nemleg ikkje at det er tilfeldig at globaliseringa førte til Donald Trump i USA, men ikkje i Noreg.
– Me fekk fordelane av globaliseringa, men me slapp unna nokre av dei ulempene som USA har fått.
Når den norske utanriksministeren skal oppsummere kva som er status på forholdet mellom USA og Europa etter alt som har skjedd det siste året, er han ikkje berre negativ.
– Kanskje kan det kan kome noko bra ut av alt dette. Kanskje det er ei naudsynt rekalibrering. Kanskje me no får eit meir sjølvsikkert og sjølvstendig Europa.



