Jon Langdal har i fleire innlegg kritisert Hans Jacob Orning for å forskjønna mellomalderens Norge. Det norske mellomaldersamfunnet var eit føydalsamfunn, og i føydalsamfunnet var det knallhard undertrykking av dei liveigne, slår Langdal fast 12. februar. Men liveigenskap blei aldri innført i Norge.