Teater

Rett å gjere opprør

«Matilda» er ein underhaldande og humoristisk familiemusikal, litt ujamn, men med speleglade ungar som gjer meir enn halve opplevinga.

Å BLI SETT: Læraren Miss Honey (Natalie Grøndahl Tangen) ser kven Matilda (Anna Josefine Laugen Robson) er, og i samspelet mellom dei får vi nokre av dei vakraste tablåa i denne framsyninga. FOTO: HARALD ØRENÅ BLI SETT: Læraren Miss Honey (Natalie Grøndahl Tangen) ser kven Matilda (Anna Josefine Laugen Robson) er, og i samspelet mellom dei får vi nokre av dei vakraste tablåa i denne framsyninga. FOTO: HARALD ØREN

Matilda

Trøndelag Teater, Hovudscena 

Av: Dennis Kelly og Tim Minchin basert på boka av Roald Dahl

Omsett av: Ragnhild Risnes

Regi: Kjersti Haugen 

Scenografi: Katrin Bombe 

Kostymedesign: Åse Gjerstad 

Koreografi: Trine Kjøsnes og Mina Skjervheim (RAW dansestudio)

Lysdesign: Eivind Myren 

Musikalsk leiar: Åsmund Flaten

Med: Anna Josefine Laugen Robson/Kaia Wik, Tor Ivar Hagen, Natalie Grøndahl Tangen, Karl Bekele Steinland, Ragnhild Risnes, Ingrid Myhre Løvik, Patrick Hilmar Ingvaldsen, Daniel Mauricio, Fabian Heidelberg Lunde og Maria Pontén

Romanen «Matilda» frå 1988 er ei av mange bøker der Roald Dahl skriv frå barnas synsstad, men om det litt makabre og uhyggelege, og der ungane er heltane og dei vaksne fullstendig stupide. Hovudpersonen er den sju år gamle Matilda, ei uvanleg skarp, og særs litterært kunnig jente som i tillegg har magiske evner. Ho er ein intellektuell Pippi Langstrømpe, ei superjente som etter kvart får med seg dei andre ungane og gjer opprør mot dei dumme og vonde vaksne.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kommentar

Kven vil sleppa til i David Ellisons film- og nyhende­im­pe­rium basert på smørjing av Trump og pengar frå Saudi-Arabia?

Fosse­pri­sen til Paula Stevens minner om at overset­terne er kulturens krumtapper.

EU har presset gjennom et markeds­system for kraft som nå har brakt europeiske strøm­pri­ser til Midt-Norge. Neste stopp er Nord-Norge.