Roman

Lydspor til livet

Rune F. Hjemås’ roman om ein band-reunion er språkleg tafatt og tematisk platt.

Lydbilete: Juan Gris’ måleri «Guitar and Pipe» frå 1913. Foto: Dallas Museum of Art/Wikimedia CommonsLydbilete: Juan Gris’ måleri «Guitar and Pipe» frå 1913. Foto: Dallas Museum of Art/Wikimedia Commons

Rune F. ­Hjemås

Etterlatt bagasje

Flamme ­Forlag 2026, 160 sider

Dei få gongane eg har leita fram bassgitaren frå dei inste krikane i loftsbua og forsøkt å buldre fram nokre linjer, har eg til slutt blitt sitjande med andletet gøymt i handflatene og nakken bøygd i skam. Hjernen kan framleis riffet til Red Hot Chili Peppers’ ‘Around the World’ og Led Zeppelins ‘Ramble on’, men fingrane følgjer ikkje etter – og før eg får gjenoppretta den skjøre koplinga mellom intensjon og evne, har muskelkrampa tatt meg. Det er litt trist, men i det heile har eg levd greitt med å akseptere at eg aldri blir ein ny Flea eller John Paul Jones. Eg har droppa å ringe det gamle bandet.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Bokmagasinet

Kommentar

Frid Ingulstad skapte en av de videste portene inn til vår felles skrift­kul­tur.

Intervju

Det heter at man skaper rikdom. Den andre siden av historien er at også fattigdom er skapt, sier Marilynne Robinson.

Nordisk råd

Pensum­lis­tene på litteratur­vitenskap i Finland er blenda­hvite.