– Sjukelønna er bra og rettferdig. Som fleire har påpeikt før meg: Det er ikkje verdas mest sjenerøse sjukelønnsordning, men verdas mest rettferdige ordning. Det er ein god ting, seier Ola Innset, historikar og forskar ved Universitetet i Oslo.
I fjor kom han med boka «Kampen om verdiene», eit forsvar for velferdsstaten, som mange meiner er for sjenerøs og er blitt eit økonomisk problem for AS Norge. Sjukelønnsordninga, som blei innført på slutten av 70-talet, har gjennom ei årrekke vore gjenstand for debatt. Høgre-leiar Erna Solberg gjekk før stortingsvalet i fjor ut og freda sjukelønnsordninga, men denne veka tok Høgres nestleiar Henrik Asheim til orde for eit forlik på Stortinget om sjukelønna i 2027.
Påtroppande Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide gjekk deretter ut og stadfesta at ho også ønsker eit sjukelønnsforlik. Høgre har ikkje konkretisert kva endringar dei ønsker seg eit forlik om, men Høgres neste partileiar opnar blant anna for å kutta i nivået på sjukelønna, ifølge Dagens Næringsliv.
«Det vil ha mest å seia for dei som har minst.»
— Ola Innset, forskar
Innset meiner sjukelønna er blitt ei viktig symbolsak for dei som meiner at velferdsstaten gjer nordmenn late og lite produktive.
– Men det stemmer altså ikkje, seier han.
– Me har råd
Innset viser til at Norge har høg sysselsetting, og gjennom ei god og rettferdig sjukelønnsordning held fleire seg innanfor arbeidslivet. Han trur ei svekka lovfesta sjukelønnsordning vil kunna føra til at fleire fell utanfor.
– Me har høg sysselsetting i Norge. Prisen for det kan vera at me har noko høgare sjukefråvær enn andre, seier han.
– Me har råd til dagens sjukelønnsordning?
– Ja, og viss det er nokon som har råd, er det absolutt oss. Når ein snakkar om kva samfunnet har råd til, må me også bevega oss forbi berre den eine pengesummen.
At me har høg sysselsetting er bra for både for norsk økonomi og individa det gjeld, meiner han.
– Har me råd til å få høgare arbeidsløyse, som godt kan vera resultatet av å kutta i sjukelønnsordninga? Då vil me få mindre ut av dei ressursane me har, seier Innset.
Han trur dei som må betala prisen for ei svekka generell ordning, er dei med dei tyngste jobbane og lågaste lønningane.
– Det vil ha mest å seia for dei som har minst. Folk som sit i behagelege jobbar, vil i tillegg ofte ha lønn under sjukdom sikra gjennom sin avtale med arbeidsgivar. Når det er lovpålagt, gjeld det for alle. Det er rettane til dei med dei dårlegaste lønnene dette går ut på å svekka, seier han.
Arbeidsgivar stille opp
I dag sikrar den generelle sjukelønnsordninga bortfall av inntekt under sjukdom opp til 780.960 kroner i løpet av eitt år.
Men i mange bedrifter er det eigne avtalar om full lønn under sjukdom, som sikrar ei utbetaling som går utover det den generelle sjukelønnsordninga sikrar alle. Dette kan enten vera tariffesta eller sikra gjennom individuelle avtalar mellom arbeidstakar og arbeidsgivar. Eit forlik på Stortinget om å endra lova om sjukelønna vil derfor ikkje få konsekvensar for alle, med mindre tariffesta avtalar og individuelle avtalar blir endra.
Norsk Hydros mange tilsette er blant dei som får full lønn under sjukdom.
– Me betalar full lønn gjennom heile sjukelønnsåret. Me dekker differansen gjennom det ein har krav på frå Nav og det ein har i lønn, seier informasjonssjef Anders Vindegg.
– Dette vil ikkje bli endra sjølv om ein endrar den generelle sjukelønnsordninga?
– Nei, det vil det ikkje, seier han.
Lista over bedrifter som uansett sikrar full lønn under sjukdom, er lang. DNB er eit anna eksempel på dei bedriftene der dei tilsette får full lønn under sjukdom, også utover det som Nav betalar ut, i eitt år, stadfestar pressevakt Lukas Loeb i DNB.
Har fått ei kald skulder
Til no har Høgre møtt ei kald skulder frå både venstre og høgre. For Høgres del vil den første debatten stå under landsmøtet om nokre veker.
Ikkje berre Arbeidarpartiet og dei andre partia på venstresida, men også Framstegspartiet har slått ring rundt sjukelønnsordninga. Partiet gjekk inn for å freda sjukelønnsordninga under landsmøtet i fjor.
«Folk skal være trygge på det. Vi vil ha dagens ordning. Vi vil sikre at den enkelte skal ha en trygg og forutsigbar sykelønnsordning», sa partiets arbeidspolitiske talsperson, Alf Erik Andersen til Frifagbevegelse etter Høgres initiativ blei kjent.
Saman med Høgre er det Venstre som går i bresjen for endringar i sjukelønna.
LO har gått kraftig ut mot Høgres invitasjon til eit sjukelønnsforlik i 2027. Dei meiner Høgre forsøker å torpedera prosessen som partane i arbeidslivet har sett i gang med å henta inn meir kunnskap om sjukefråvær i arbeidslivet.
NHO er derimot glade for initiativet frå Høgre.
«Vi ønsker en diskusjon om sykelønnsordningen velkommen», uttalar NHO-direktør for arbeidsliv Nina Melsom, som viser til at kunnskapsinnhentinga skal bli ferdig innan utgangen av året. Ho oppfattar ikkje at Høgre forsøker å torpedera prosessen mellom partane i arbeidslivet.



