Kina har med sine 1,4 milliardar innbyggjarar og sitt strenge politiske regime hatt ein eventyrleg vekst dei siste førti åra.
Alt ligg til rette for at dette århundret kan bli det kinesiske århundret. Både amerikanske og europeiske leiarar fryktar å hamne i skuggen av Kina.
Men økonomen og forfattaren James Robinson trur ikkje det kjem til å skje.
– Eg trur ikkje det blir det kinesiske hundreåret. Kanskje det asiatiske, men då heller Korea, Japan, eller andre. Ikkje Kina. Eg trur ikkje ein kan byggje ein moderne verdsøkonomi på Kommunistpartiets autokratiske modell. Det finst ingen historisk presedens for det, seier han.
– Men skaper ikkje Kina ein presedens no, med sin kraftige vekst over fleire tiår?
– Sovjetunionen gjorde det i femti år, og Kina har gjort det i om lag femti år. Kanskje Kina held ut lenger, fordi dei har ein meir vellukka modell enn Sovjet. Men det grunnleggjande politiske problemet forsvinn ikkje.
Inkluderande
Robinson vann i 2024 Den svenske riksbankens minnepris i økonomi. Prisen blir ofte kalla nobelprisen i økonomi.
James Robinson er utdanna ved Yale og underviser i dag på University of Chicago. Prisen vann han for utviklinga av teoriar om kvifor land utviklar seg annleis frå kvarandre. Han har også skrive den bestseljande boka «Why nations fail». Denne veka er han i Oslo for å vitje årskonferansen til NHO, som vert arrangert i Lillestrøm onsdag. Han heldt også eit føredrag på BI tysdag.
Kongstanken til Robinson er at land som har inkluderande institusjonar, vil lukkast betre enn dei som ikkje har det over tid.
Robinson har fått kritikk frå mellom anna den kjende statsvitaren Francis Fukuyama for å vere litt ullen når han skal definere dette omgrepet, men til Klassekampen seier Robinson at inkluderande politiske institusjonar handlar om kor mange som er involvert i politiske prosessar, og i kva grad staten står til ansvar ovanfor samfunnet.
– Eg brukar ikkje så mykje omgrepet demokrati, og det er fordi det finst inkluderande politiske institusjonar som ikkje ser særleg demokratiske ut. I alle fall ikkje i moderne forstand. Til dømes så er det slik at tradisjonelt i Afrika røystar ein ikkje over ting. Ein tek avgjerder gjennom konsensus. Det er ein heilt annan politisk kultur. Og på sitt vis er han svært inkluderande.
Gamle lærebøker
Ei historie som Robinson fortel ofte, er at økonomiske lærebøker på 60- og 70-talet hadde grafar som synte kor tid den sovjetiske økonomien kom til å gå forbi den amerikanske i storleik.
Estimatet for kva tid det skulle skje, vart heile tida flytta lenger fram i tid, og utover på 80-talet var det neste ingen som trudde at det nokon gong kom til å skje.
Sjølv om Sovjetunionen klarte å industrialisere seg raskt og lenge hadde god økonomisk vekst, synte det seg etter kvart at økonomien hadde store problem.
I dag er det mange som lurer på kva tid den kinesiske økonomien skal gå forbi den amerikanske i absolutte tal. Robinson trur ikkje det kjem til å skje.
– Det vil krevje eit politisk skifte, og eg trur ikkje det kjem. Kommunistpartiet ser seg sjølv som den legitime herskaren over Kina, med ein heil filosofi bak det.
– Men i dag utviklar Kina elbilar som utkonkurrerer alle andre, og KI-modellen DeepSeek har skaka amerikansk KI-industri. Kina forsøkjer å utvikle sine eigne avanserte mikrobrikker. Skjer det ikkje innovasjon i Kina?
– Ja, Kina er innovativt. Det skjer mykje tjuveri av teknologi, men det skjer òg reell innovasjon. Det er enorme statlege subsidiar til innovasjon. Mykje er knytt til næringar som i praksis er styrte av Kommunistpartiet. Det er eit mysterium korleis dei held oppe innovasjon utan rettstryggleik. Eg forstår det ikkje heilt, og eg trur ingen gjer det, seier han og legg til:
– Kanskje er det fordi Kina er så stort. Dei skremmer vekk mange entreprenørar, men Kina er kanskje så stort at dei likevel har nokre som er att.
«Innovasjonen i Kina er eit mysterium.»
— James Robinson, økonom og forfattar
Uansett trur Robinson at det autoritære ved den kinesiske modellen kjem til å øydeleggje for veksten på sikt. Og at det kjem til å bli verre heller enn betre.
– Sjå på kinesisk historie. Sjå på Mao. Kvifor skulle ikkje noko liknande skje igjen? Det vil det.
– Du trur at maktkonsentrasjonen i Kina vil bli som under Mao på nytt?
– Det er allereie i ferd med å skje, seier han.
– No har den kinesiske økonomien vekse jamt og trutt i snart femti år. Kor lenge må den vekse før du tenkjer at du tok feil, og at dagens Kina faktisk er noko anna enn Sovjetunionen?
– Hehe. Eg veit ikkje. Samfunnsvitskapen gir oss ikkje så presise spådomar. Dei kan kanskje vekse ei god stund til.
Det er håp
På lang sikt trur Robinson at den inkluderande politiske kulturen i Vesten vil vinne over den autokratiske i Kina.
Han anerkjenner at det har vore nokre tilbakeslag i amerikansk politisk kultur dei siste åra, og at den politiske stemninga i Europa er meir dyster enn på lenge. Likevel trur han at det er grunn til håp for framtida.
– Skandinavia utvikla det vellukka sosialdemokratiet midt under depresjonen, med nazismen som trugsmål. Sør-Korea har Nord-Korea 50 kilometer unna Seoul, utan fredsavtale. Likevel har dei blomstra. Motgang kan vere ei kjelde til fornying.
Når det gjeld den amerikanske presidenten, trur han at det er for tidleg å konkludere.
– Trump er eit symptom, ikkje årsaka. Det kan bli katastrofe – eller ei vekking. Det avgjerande er om vi har inkluderande politiske institusjonar. Så lenge vi har det, ser framtida lys ut.



