SV blir kritisert av sine eigne: Det er feil å stilla ultimatum, blir det sagt. Men er det så enkelt? Kritikarane gløymer at også Senterpartiet stilte ultimatum, og det med suksess. Ikkje bare var det suksess, det var heilt nødvendig. Korfor lykkast Senterpartiet, og korfor mislykkast SV?
Då Jens Stoltenberg laga forslag til statsbudsjett der han strauk ferjestøtta i distrikta, var det ein provokasjon av dei sjeldne. Han visste det var ei kjernesak for Senterpartiet. Arbeidarpartiet hadde avtala ferjestøtta med dei då dei sat saman i regjering, og Arbeidarpartiet dreiv sjølv aktiv valkamp for den same ferjestøtta. Stoltenberg provoserte ikkje bare Senterpartiet, han trakka på sine eigne partifeller – i tillegg til at det var eit slag i trynet på folk flest i Distrikts-Noreg. Ein provokasjon så himmelropande kunne ikkje passera. Arbeidarparti-leiinga blei møtt med grasrotopprør i eige parti og hadde ikkje anna val enn å slå retrett. Eg veit ikkje om Senterpartiet hadde tenkt på kva dei ville gjera om dei ikkje vann fram, men truleg hadde dei ein slik plan B. Ferjestøtta blei i alle fall berga før forhandlingane om statsbudsjettet kom i gang.
«Ein må ha ein plan B»
Då SV før valet stilte ultimatum – Trekk oljefondet ut av Israel! – hadde dei òg håp om å vinna fram. Men hadde dei ein plan B? Både Raudt, SV, MDG og Venstre kravde at Oljefondet måtte trekka seg ut. Kravet hadde støtte i store delar av fagrørsla, også i (store?) delar av Arbeidarpartiet. Raudt-leiar Martinussen var forsiktig optimist då kravet skulle opp i Stortinget. Samtidig visste alle at kravet ville møta motstand, spesielt frå finansminister Stoltenberg. Dei færraste hadde trudd at Stoltenberg ville gå saman med Frp om å hindra ei kvar etisk vurdering av Oljefondets investeringar det neste året, men alle visste likevel at sjansen for at forslaget ville bli stemt ned, var vel så stor som sjansen for at det skulle bli vedtatt. Kva skulle SV gjera dersom forslaget blei stemt ned – slik det blei, då det kom opp til stortingsbehandling? Ifølgje ultimatumet måtte SV då nekta å forhandla om statsbudsjett. Ein umulig situasjon, som dei hadde plassert seg sjølv i. Dei prøvde å gjera det godt igjen ved å reisa kravet på nytt i budsjettforhandlingane, endå dei måtte vita at det var liten sjanse for å vinna gjennom med det der. SV hadde eit rettferdig krav, og det må ved det rette høvet reisast på nytt, men skal me vinna fram, må me jobba på lengre sikt med å auka støtta til kravet.
Det er ikkje feil å stilla ultimatum. Men skal ein gjera det, må ein ha ein plan B: Kva gjer ein dersom ein ikkje får gjennomslag? Har ein ikkje ein plan B som òg kan vera å leva med, må ein velja andre middel enn ultimatum.