I min Fokus-kommentar 27. november startar eg med å fortelje om den administrerande direktøren som er tøff og legg ned arbeidsplassane til dei han ikkje kjenner, men er «snill» mot direktørvenene. Dei sender han ikkje over på Nav. Det same skjer dersom Stoltenberg (eller regjeringa) nektar statsstøtte til vidaregåande skule i Lom, men gjev statsstøtte til Steinerskulen i Oslo. På same måte som at arbeidarane misser jobben, misser skuleelevar i Lom skulegangen.