Jon Henrik Laake har delt denne artikkelen med deg.

Jon Henrik Laake har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Økonomi

Holtes jobbplan får stryk

Økonom og forfattar Martin Bech Holte vil kutte skattane for å få 280.000 menneske ut i arbeidslivet. Det vil ikkje funke, meiner SSB-økonom Erling Holmøy.

NØGD: Martin Bech Holte selde mange bøker i fjor. Her er han på plass på Kagge forlag i Oslo med si nye bok «Alternativt statsbudsjett». Foto: Line Ørnes SøndergaardNØGD: Martin Bech Holte selde mange bøker i fjor. Her er han på plass på Kagge forlag i Oslo med si nye bok «Alternativt statsbudsjett». Foto: Line Ørnes Søndergaard

Mindre enn eitt år etter boksensasjonen «Landet som ble for rikt» vart selt i over 65.000 eksemplar er Martin Bech Holte aktuell med ei ny bok.

I «Alternativt statsbudsjett» forklarer han korleis han ville ha styrt landet om han fekk bestemme i fire år. Hovudpoenget til Holte er at nordmenn har gått frå å leve av sitt eige harde arbeid til å leve av rentene frå oljeverksemda. Han er særleg kritisk til at så mange går på ulike trygdeordningar.

«Det kjem til å ete opp evna vår til å levere velferdstenester til heile befolkninga på sikt. I staden for at dei 280.000 menneska bidreg til felleskassa gjennom å jobbe, får dei pengar frå felleskassa», sa han til Klassekampen i førre veke.

I boka si argumenterer Holte for å kutte kraftig i inntektsskatten, slik at trygda nordmenn heller vil jobbe. Den harde bodskapen har blitt både hylla og heftig debattert.

Men no tek forskar Erling Holmøy i Statistisk sentralbyrå eit fagleg oppgjer med Holte. Han meiner forslaga ikkje held mål:

  • Planen om å kutte skattane for å få fleire ut i jobb vil ikkje fungere.
  • Forslaga om å øyremerke oljepengar overstyrer demokratiet.
  • Ideen om å kutte statsbudsjetta med fleire hundre milliardar tek ikkje godt nok innover seg at vi har eldrebølgje og krig.

– Det er uklart kva effekt skattelette har på sysselsetting. Holte er påfallande skråsikker på at vi veit nok om dette. Det som gjer meg veldig skeptisk til framstillinga til Holte, det er at det allereie er veldig sterke insentiv til å jobbe i dag. Uføretrygda er på litt over 300.000 kroner, og det er langt under snittløna, seier han.

Holmøy peikar på at dei som står utanfor arbeidslivet, i snitt er mindre produktive enn dei som allereie er i jobb.

– Eg trur meir på at flaskehalsen er at arbeidsgivarar meiner det ikkje vil vere lønsamt å tilsetje mange av dei som står utanfor fordi produktiviteten ikkje forsvarar løna. Eg har difor større tru på bruk av lønnstilskot.

Teknokrati

Eit anna sentralt poeng for Holte er at han vil lage nye reglar for bruk av offentlege utgifter. Holte peikar på at tanken bak handlingsregelen for oljepengebruk var at vi skulle bruke det på skattekutt og på å skape vekst.

Holmøy meiner at Holte sitt syn på at politikarane ikkje skal kunne bestemme kva vi skal bruke oljepengar på, grensar til å vere udemokratisk.

– Han tek til orde for ei hard øyremerking av kva oljepengane skal brukast til. Ei slik hardkoding vil vere å overstyre demokratiet. Mange ynskjer teknokrati og eit opplyst einevelde dersom det er dei sjølve som skal bestemme, seier Holmøy.

Holte vil også setje eit øvre tak for delen dei offentlege utgiftene utgjer av summen av bruttonasjonalproduktet for fastlands-Noreg og bruke delen i 2013 som målestokk.

Heller ikkje det tykkjer Holmøy er noko god idé.

«Mange ynskjer teknokrati dersom det er dei sjølve som skal bestemme.»

Erling Holmøy, forskar ved SSB

– Det er eg veldig skeptisk til. Ser du framover, vil helse i offentleg regi utgjere ein større del av økonomien framover. Av reint demografiske grunnar. Det finst svært gode grunnar til at det offentlege har hovudansvaret for reguleringa og finansieringa av helse og omsorg.

Holmøy er også kritisk til at Holte ikkje drøftar kva effekt den store opprustinga i forsvaret vil ha på statsbudsjettet og på offentlege utgifter.

– Det er eit kjempestort spørsmål han ikkje diskuterer: krigstrugsmålet i verda. Det krev ein rask auke i vår forsvarsevne, og det er sjølvsagt noko som må skje i offentleg regi. At han set ei slik grense for offentlege utgifter utan å diskutere behovet for vekst i forsvarsbudsjetta, er merkeleg.

Meir imponert

Harald Magnus Andreassen er sjeføkonom i Sparebank 1 Markets. I lag med Holmøy var han veldig kritisk til den førre boka til Bech Holte.

– Eg trur han tek i feil i analysane sine av norsk økonomi. No brukar han desse gale analysane for å lage ei plattform om korleis han vil organisere samfunnet. Det er ikkje uvesentleg at dei analysane hans er feil, men det går framleis an å vere samd med han i tinga han skriv i denne boka, seier Andreassen.

Og sjølv om det ikkje er alt han er samd i, vil han hylle Bech Holte for å starte ein debatt om korleis vi organiserer samfunnet vårt. Og korleis vi kan forsøkje å få fleire folk inn i jobb.

– Denne boka bidreg til å opne opp rommet for usemje i politikken. Eg er heilt usamd med Holte i at vi er i ferd med å rotne på rot, men vi har ei utvikling der vi har ei dobling av uføretrygda under 30 år. Det er for mykje. Vi sparer 20–30 millionar per person som vi klarer å hjelpe i jobb, seier han.

Sjølv om Andreassen er glad for at Holte startar debatten, er han ikkje overtydd om at oppskrifta hans om skattekutt vil gje den effekten som Holte trur.

– Vi har ikkje forsking som syner at mange fleire vil jobbe med lågare skatt. Det er ikkje dekning for å slå det fast slik han gjer. USA har eit låg skattenivå, men det er færre som jobbar der enn i Noreg. Sysselsettingsdelen er mykje lågare. Den er også lågare i land som Storbritannia, Sverige og Danmark, seier Andreassen.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Innenriks

Ytre høyre

Document inviterer Storbri­tannias største ytre høyre-aktivist til Norge

Natur

Den nye Rødlista er dyster lesning: Den ville fjell­na­turen krymper, bloms­ter­en­gene dør ut, myrene forsvinner, og elvene blir forurenset.

Arbeidsliv

Arbeids­inn­vand­rere bor og jobber i Norge uten tilgang på helsehjelp og BankID. Forskere vil fjerne ordningen som holder dem utafor velferden.