Då eg blei fødd, sa mormor: Det blei berre ei jente.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
Med eitt hadde gardane gått i arv frå far til son i alle tide.
Då eg blei fødd, sa mormor: Det blei berre ei jente.
Allerede abonnent? Logg inn
Ingen kunne unngå å få med seg at Noreg slo Italia i fotball for menn sist søndag, og dermed kvalifiserte seg for deltaking i verdsmeisterskapen neste år. Det var fint lagspel og fabelaktige einskildprestasjonar, så gripande å vera vitne til at det kunne driva fram tårene på nokon kvar. Så har det då heller ikkje mangla på mediedekking av vaksne karar som græt offentleg, og det utmattande maset om mannen i krise har fått ei forfriskande overrisling av naturlege reaksjonar. Menneskeleg atferd er alltid regulert av skikk og bruk, og ofte trengjer krava frå dei andre så djupt inn i sinnet at folk mistar kontakten med kjenslene sine og blir framande for seg sjølve. Det britiske direktivet om å halda overleppa stiv var ein måte å markera seg som vaksen på overfor innbyggjarane i koloniane, som systematisk blei forklarte som barnslege og uansvarlege. Snart måtte alle kvite menn med respekt for seg sjølve gå omkring med eit andlet av stein. Når det sprakk, slik det før eller seinare alltid gjorde, var det til den største forferding både for dei sjølve og dei som såg på. Men i den fjerne fortida som det er fortalt om i Iliaden og Odysseen er det tvert om heilt normalt å gråta både offentleg og privat.
Solveig AareskjoldEin ettermiddag i 1960 køyrde far min som så ofte før ein raud traktor gjennom ein gyllen byggåker. Bak traktoren hang ein sjølvbindar, ein maskin frå den tidlege industrialiseringa av jordbruket, utvikla tett opp til dei sigdane, hendene og bøygde ryggane som hadde gjort jobben sidan steinalderen. Kjerringa mot straumen må ha vore leiar for prosjektet, for den lange metallinretninga som kutta halmstråa av, var snarare ei saks enn ein kniv. Dei fall på ein transportør av lerret, blei bunta i hop til gamaldagse julenek av eit mekanisk knyteapparat og dumpa bak. Men det var ingen automatikk i det, så det måtte sitja nokon med skarpt syn og gode refleksar på det rumpeforma metallsetet oppå sjølbindaren og gripa inn med to spakar for at bunting og knyting skulle gå rett føre seg. Det var eit krevjande arbeid, og vanlegvis var det ein vaksen mann som sat der. Men utover etterkrigstida blei det vanskeleg å skaffa folk, så far måtte greia seg med ein elleve års jentunge.
Solveig AareskjoldDet kan godt vera at det er sant at dei unge av i dag ikkje er så flinke til å lesa lange tekstar som dei burde. Men kva tid var dei det, i grunnen? Då eg gjekk på folkeskulen, frå 1956 til 1963, gjekk dei fleste undervisningstimane med til å høyra på mens læraren høyrde gutar med lesevanskar i leksa. Dei stakkars ungane stotra og stamma og hadde det sikkert mykje verre enn oss som berre sat og keia vettet av oss imens. Ingen av dei gjorde merkbar framgang. Men plagast skulle dei, år etter år. Lærarane var sjølvsagt fullt lesedyktige for sin eigen del. Kva dei las er likevel eit mysterium, og i alle fall hadde det ikkje noko med jobben deira å gjera.
Solveig Aareskjold