Våpenleveransar frå Vesten har vore avgjerande for at Ukraina framleis held Russland unna 80 prosent av landet sjølv etter snart fire års hard angrepskrig. Våpen er nødvendig for overlevinga og forsvaret av eit stort europeisk land i møtet med ein ny type kolonial aggresjon. I haust har Putin massivt trappa opp missil- og droneangrepa mot sivile mål over heile Ukraina. Angrepa er særleg retta mot bustadområde, hjelpesenter og energi-infrastruktur.