– I ein artikkel i Morgenbladet og i ein post på Facebook går du til kraftig angrep på redaktør i Subjekt Danby Choi. Du er særleg kritisk til at han har hylla den drepne høgresideaktivisten Charlie Kirk, og du meiner at han generelt normaliserer farleg tankegods. Kvifor kom dette oppgjeret no?
– Det er ikkje eit oppgjer med Danby Choi. Eg berre påpeikar at han reinvaskar udemokratiske krefter. Det er ikkje eit oppgjer med han som person. Han er ein lystig fyr. Dette starta med at han sa at Charlie Kirk er «forbilledlig». Når han seier det til hundretusenvis av sjåarar på NRK, og vert lytta til av unge, så vil stadig fleire gå inn og sjå på figuren Choi hyllar som ein Gandhi for vår tid. Då går dei inn og ser Kirk kunngjere at president Joe Biden «bør få dødsstraff». Kirk seier at folk bør kjøpe ammunisjon og våpen fordi Joe Biden er ein forrædar mot Amerika. Då sit ein haug med unge nordmenn som har fått beskjed om at dette er ein «forbilledlig» aktør og ser på dette. Det vil eg førebyggje. Eg trur ikkje Danby Choi er klar over kva konsekvensar dette får. Eg trur han er glad i merksemd, men ganske uinteressert i politikk. Me andre må førebyggje at Maga-formørkinga vert normalisert i Noreg.
– Ser du tendensar til Maga i Noreg?
– Det er mange som importerer Maga til Noreg. Document.no får tre millionar i pressestøtte for å halde på med det. Danby Choi gjer ikkje det, han er meir ein nyttig idiot. Hans Rustad er ein ivrig Maga-ideolog. Det er ikkje Choi. Han er berre ein så hol posør at du kan fylle han med kva som helst. Men han har eit ungt publikum og ein liten, men sterk megafon. Og han er den fjerde mest kjende redaktøren i Noreg. Då må nokon seie ifrå når han reinvaskar slike mørke krefter.
– Du brukar veldig sterke ord om Choi. Risikerer du ikkje at sympatien snur når du er så hard med han?
– Nei, han skriv som ein syttenåring, og han tenkjer som ein tolvåring. Han er ein av dei dårlegaste skribentane eg nokosinne har sett. Då må det vere lov å påpeike det. Fyren kan ikkje skrive. Og ikkje få meg starta på dei latterlege anglisismane hans. Eg er forsiktig med han og mykje mindre nedlatande enn han er. Han har ein hoven og nedlatande stil. Han framstiller seg sjølv som ein renessansemann, men heile Presse-Noreg veit at Danby ikkje kan skrive eller tenkje. Han må tole at nokon seier det sjølv om han er ein minoritetsrepresentant. Lite tyder på at mine bidrag aukar sympatien for Choi. Min altfor lange tekst utan bilete på Facebook har fire hundre tusen visningar. Og innboksen min er full av alt frå Åge Aleksandersen til Frp-arar som seier at kritikken av Choi var heilt på sin plass. Ja, eg skreiv eit innlegg som var fullt av testosteron og med innslag av nedlatenheit. Det er ærleg, men det er kalkulert i den forstand at venstresida treng litt hjelp med testosteronmangel.
– Danby Choi er eit barn av innvandrarar som har vakse opp på austkanten. Du er ein intellektuell som samlar på vin. Er det ein snev av klasseforakt her når du skriv at Choi kjøper argumenta sine på Nille?
«Heile Presse-Noreg veit at Danby Choi ikkje kan skrive eller tenkje.»
— Magnus Marsdal, redaktør i Manifest
– Det er det dummaste eg har høyrt. Eg har vidaregåande skule og ingenting anna. Mora mi er sekretær, og faren min jobba på jarnstøyperiet. Eg har aldri vorte bore fram av ein kulturelite slik som Danby og Subjekt har. Danby Choi sit i styret i Oslo redaktørforeining. Han er ein av dei største kjendisane i Noreg. Det som er klasseforakt og rasisme, er å antyde at det ikkje er lov å kritisere han tydeleg fordi han er barn av koreanske foreldre. Det er ikkje slik at arbeidarklassen ikkje toler kritikk. Og det denne metaforen med Nille tyder, er at han har eit ytre som ser smart ut, men substansen er jævla billeg. Nille står for billeg. Det ligg ikkje noko klasseforakt i det. Eg har vekse opp i arbeidarklassen og identifiserer meg nok meir med arbeidarklassen enn det streberen Danby gjer. Det er det dummaste eg har høyrt.
– Danby Choi er jo klår på at det er mykje ved meiningane til Charlie Kirk som han er usamd i, men at han likar at Kirk reiser rundt og diskuterer med folk han er usamde med. Går det ikkje an å skilje mellom form og innhald på den måten?
– Du kan sjølvsagt skilje mellom form og innhald, men det er ingenting med forma til Kirk som er imponerande. Han var sponsa av milliardærar og brukte det til å reise rundt med eit filmcrew for å drite ut unge og woke studentar som er dårlege til å argumentere. Det er ikkje «forbilledlig», det er mobbekultur. Det er ingenting heroisk å stå opp for her. Det var ikkje eit forsøk på sanningssøking, det var eit prosjekt for polarisering. Kirk laga «professor watch list» for å ta folk som meinte noko anna enn Maga. Danby Choi gjentek berre reklameforteljingar som Kirk hadde om seg sjølv. «Eg er ein modig ytringsfridomsforkjempar, bla bla bla.» Det er propaganda. Me må ta Danby Choi på alvor. Du kan vere idiot sjølv om du kjem frå arbeidarklassen. Å ikkje ta han på alvor fordi han er innvandrar frå arbeidarklassen, det er nedlatande og kanskje litt rasistisk.
– Korleis er tonen mellom deg og Danby Choi no?
– Den er veldig venleg. Han er berre ein businessmann. Han vil berre ha mest mogleg tilsvar inn bak betalingsmuren sin. Han gjer dette for å byggje inntenkt og bli kjendis. Han har alltid underbetalt skribentane sine. Han er ein hustler og ein con man. Han er ikkje oppteken av samfunnsdebatten. Han skriv og tenkjer så dårleg at eg tviler på om han hadde vorte løfta fram om han var ein vanleg kvit og heterofil mann. Han flyt godt på den minoritetstoleransen som han er glad i å kritisere. Nokon må seie at det han presterer, ikkje er bra. Kanskje torer ikkje professorar å seie det fordi dei er redde for å framstå som nedlatande. Kanskje eg er rette mann til å seie det, fordi eg ikkje har noko fin bakgrunn eller akademisk tittel å skamme meg over sjølv.
Klassekampen har lagt fram kritikken for Danby Choi. Han skriv i ein SMS:
«Magnus Marsdal er en klok mann som over tid har bygget seg opp en imponerende karriere i norsk offentlighet. Han har vært tro til sitt prosjekt som bidragsyter til politisk filosofi på den norske venstresiden over flere tiår, og ikke minst fått etablert sitt egne redaktørstyrte medium. Det er det mange som har prøvd før ham, men ikke fått til. Jeg unner ham suksessen og håper han vil fortsette med sitt bidrag til debattmangfoldet. Vi trenger mer meningsbrytning og flere frittstående, ikke-konserneide medier i Norge.»



