Solveigs salt

Mirakel på loftet

Leiken og det heilage er mykje det same.

Det me hugsar, er lagra hulter til bulter i hjernane våre, og ofte stemmer det slett ikkje med det som faktisk har skjedd. Men heile livet har eg bore med meg ein indre filmsnutt der eg knapt har fylt tre år og kryp engsteleg oppover høgaloftstrappa til farmor. Der er ikkje rekkverk, og svimlande djupt ned til gangen i første etasje. Hendene og knea mine er altfor små for dei bratte trappetrinna, og når eg prøver å stø meg mot innerveggen, møter eg berre ein laus masse av gamle klede som heng der. Det har skjedd ein farleg feil. Ingenting er lenger fast og påliteleg. Dei andre har gått ifrå meg. Eg som er minst, har krav på å bli passa betre på.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Alltid like dum

Omslaget på «Trump og filosofene» er ei satirisk teikning av Marvin Halleraker på grunnlag av «Tenkeren» av den kjende bilethoggaren Auguste Rodin. I staden for ein traust arbeidsmann som sit og funderer på ein stein, sit der ein vrang og gretten Donald Trump på klosettet, ute av stand til å skilja mellom privat og offentleg og full av skit som han er. Boka er skriven av Lars Fr. H. Svendsen og har undertittelen «Hvordan et studium av historiens minst filosofiske mann kan lære deg forbløffende mye om filosofi». Heile førti meir og mindre kjende tenkjarar frå Platon til Richard Rorty er blitt vekte til live for å vurdera prestasjonane til presidenten i USA som statsmannskunst. Som ventande er, dumpar Trump same kva karakterskala han blir mælt mot.

Undset- paradokset

Sigrid Undset blei fødd i 1882, i ein forskarfamilie der mora hjelpte faren med å laga plansjar til dei arkeologiske førelesingane hans. Dei tok henne med til universitetet før ho kunne gå, og det første ordet ho sa, skal ha vore «skafthulløks». Det gav henne ein kulturell kapital som kom vel med sidan. Ikkje så med barna til Paul Selmer i «Gymnadenia» (1929) og «Den brennende busk» (1930). Trass i at mor hans er like framstegsvenleg som begge Undset-foreldra til saman, eller kanskje snarare på grunn av det, søkjer han mot ein gamalvoren katolisisme der kvinnene har det best når dei får vera heime med barna. Når kona rømmer frå ekteskapet, skuldar han på synd og forfall i samfunnet, og prøver å bøta på det med bøn og faste. Han tek ofte ungane med i kyrkja, men aldri på jobb, endå han har ei leiande stilling i steinbransjen og kunne ha gjeve dei rennefart inn i geologien.

Sankta Sigrid

Nedst nede i eit skåp i eit støvete soverom i huset som stod tomt etter farmor og farfar, låg det eit uinnbunde, halvt oppløyst eksemplar av «Gymnadenia» og skrevde med opne sider. Eg samla dei opp som eit dyrebart oldtidsfunn og la dei andektig på eit bord. Den arkeologiske utgravinga stadfesta den munnlege overleveringa, det vil seia at farmor hadde sjølv fortalt meg at ho dumpa Sigrid Undset då katolisismen tok overhand. Men eg, som hadde arva dei samla verka i skinnband og gullsnitt til og med «Olav Audunssøn», var blitt så omvend av å lesa dei at det var rett før eg gjekk i kloster. Å oppdaga neste fase i forfattarskapen, fattig og fillete og på botnen av eit skåp, var nesten like underfullt som plutseleg å snubla over sandalane til Jesus. Dei fleste Undset-entusiastar opplever «Gymnadenia» og oppfølgjaren «Den brennende busk» som ein nedtur etter mellomalderromanane, langdryge forsikringar om Guds eksistens med liten litterær verdi. Og då den religiøse rusen ebba ut, miste eg òg interessa for dei.