Film

Livgjevande galgenhumor

Debutfilmen «Sorry, Baby» klarer kunststykket å spinna ei filmatisk flott og menneskekjær historie av eit rått og øydeleggande tillitsbrot.

Til fyret: Dei vittige og opne samtalane mellom Agnes og Lydie (strålande spela av høvesvis regissør Eva Victor og Naomi Ackie) skjer i eit natur- og universitetsmiljø, som også gjev ekko av bøkene litteratur­studentane har lest. Foto: Ymer MediaTil fyret: Dei vittige og opne samtalane mellom Agnes og Lydie (strålande spela av høvesvis regissør Eva Victor og Naomi Ackie) skjer i eit natur- og universitetsmiljø, som også gjev ekko av bøkene litteratur­studentane har lest. Foto: Ymer Media

Sorry, Baby

(USA, 2025) Regi og manus: Eva Victor Drama/ 1 t. 43 min./ Kino

Den endå ikkje 30 år gamle Agnes (Eva Victor) blir fast tilsett litteraturprofessor ved det mindre austkyst-universitetet ho vart uteksaminert frå for berre tre år sidan. Hennar avhandling om novellekunst var «ekstraordinær», ifølgje rettleiaren professor Preston Decker (Louis Cancelmi). Med sin kunnskap – ofte formulert som komiske paradoks, sin ungdommelege sensibilitet og si avvæpnande uformelle og keitete framtoning – alltid i barn jacket, er Agnes godt likt både blant dei fast tilsette og Gen Z-studentane. Likevel er ikkje lynkarrieren eit uttrykk for sutlaus suksess i livet eller eit resultat av ufortent favorisering slik Agnes’ innbitne akademiske rival Natasha (Kelly McCormack) trur.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Film

Siri Hustvedt – Dansen rundt selvet

Filmen om Siri Hustvedt er et åpent, ærlig og tidvis gripende møte med et sinn av de sjeldne.

Film

La Grazia

Sarkasme gjer underverk for Paolo Sorrentinos sentimentalitet.

Film

Min ukjente familie

Carla Simón lét ei ung jente finna sin eigen livsveg, og frigjer familesagaen frå lagnadsdramaet.