Solveigs salt

Sin eigen kanin

«Lever eg til sommaren, så byggjer eg meg hus,» seier haren i eventyret.

Det er ikkje godt å vita kva han har vore gjennom før han kom til oss, den dvergkaninen som held til i hagen vår no om dagane. Kan henda er han eit passivt offer for lunefull overmakt, dumpa av nokon som var leie av å ha kjæledyr. Eller han kan på eige initiativ ha utvandra frå ein liten koloni som visstnok held til på ein campingplass i nærleiken, fordi det var for mykje knuffing og interessekonflikt kaninane imellom der. For sjølv om det strir mot den nedarva flokkmentaliteten, framstår han i all si ferd som eit fritt og uavhengig individ, fullt i stand til å greia seg på eigen labb, med stor evne til å skaffa seg nye relasjonar. Endåtil eit par eldre menneske utan særleg mykje greie på korleis det er å vera kanin, kan gjera nytte som den nye flokken hans.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Gamal kjærleik

Det er egentligt en Historie i to Dele, vi her komme med; første Deel kunde gjerne være borte, – men den giver Forkundskaber, og de ere nyttige», skriv H.C. Andersen i ei forteljing som han har kalla «Hjertesorg». Første del av spalta for i dag kunne òg ha vore utelaten, men er like eins nyttig for å forstå den andre. Ein solfylt vårdag det året eg fylte seks sa far min at han hadde noko til meg i verktøyskrinet i traktoren, ein smal skuff som han drog varsamt ut. Eg såg ein liten gråbrun rygg, og det kom til syne lange øyre. Det var ein hareunge som hadde hoppa så forvirra omkring i pløyemarka at far hadde kjent seg kalla til å fanga han og ta han med heim. Den livredde vesle haren blei installert i eit gamalt kaninbur på plenen, ei møneforma, nettingkledd treramme utan botn som var tenkt å kunna flyttast omkring etter kvart som kaninane åt opp graset. Der låg han og kraup i hop og var min.

Dårleg selskap

Hvor enkelt skal det være å bryte med foreldrene sine?» var emne for ein av mange paneldebattar under filosofi- og vitskapsfestivalen i Stavanger i førre veke. Lena Lindgren frå Morgenbladet var ordstyrar, og festivalarrangør Jan Inge Reilstad, psykolog Sissel Gran og forfattar Åsa Linderborg delte villig ut frå si eiga røynsle med vanskelege familiar. Men ingen av dei kom inn på kvifor ein skal kjenna seg forplikta til å vera saman med foreldra når ein helst vil sleppa. Menneskefamilien er ei blanding av biologi og kultur som det ikkje finst maken til i fri natur, det einaste tilfellet av at dei unge matar dei gamle. Det har nok verka med til å gjera oss til ein så vellukka art at me har utkonkurrert alle andre dyr. Barn har mykje større sjansar til å leva opp til vaksen alder når dei har besteforeldre som kan tre inn dersom foreldra fell frå. Og livsvisdomen til dei gamle kan vera ei god nistepakke når dei unge skal ut i verda og greia seg på eiga hand. Likevel er det ganske vanleg at tilhøvet mellom generasjonane er meir til sorg enn til glede.

Krigs­tea­ter

Oppstyret omkring det politiske partiet Fred og rettferd framstår som ein reprise av eit drama som var betre første gong eg såg det. Det var i 1965, den sommaren eg fylte seksten, og mor mi og eg var i Bergen under festspela og såg «Ai ai ai for en artig krig!», ein musikal satire om den absurde destruktiviteten under Første verdskrig. Ikkje sånn å forstå at eg har gått omkring og hugsa det i all ettertid, men etter at Marielle Leraand og Ine Marie Eriksen støytte saman i Debatten på NRK, har eg ofte kome i hug ei scene der ein Rosa Luxenbourg-aktig radikalar held appell for nedrusting og forsoning, og blir jaga vekk av ein rasande mobb under leiing av ei kvinne som skrik: «Mannen min er ved fronten!» Sidan las eg «Intet nytt fra vestfronten» av Erik Maria Remarque, yndlingsforfattaren til far. Den handlar mykje om det same, sett gjennom auga til ein tenåring som kavar med å overleva som soldat i skyttargravene mens kameratane hans blir forvandla til krøplingar og lik. Noko av det som gjorde sterkast inntrykk, er ei utgreiing om kvifor nærkamp heller bør utkjempast med spader enn med bajonettar. Elles går det mest på å skaffa seg mat i eit sølete og nærsynt univers der ingen bryr seg om å rapportera at forteljaren fell for ei tilfeldig kule på ein elles ganske fredeleg føremiddag. Far var vanlegvis svært romantisk innstilt til krig, så det seier litt om den menneskelege evna til å leva med motstridande tankar og erfaringar at han lét seg fanga inn av autoritetskritikken til Remarque.