Sentrale personar i Fellesforbundet slår ring rundt forbundsleiar Jørn Eggum etter saka om at han har vore involvert i handsaminga av ei konfliktsak med ein avdelingsleiar i forbundet som han tidlegare har hatt eit seksuelt forhold til.
Stian Sagvold, klubbleiar på skipsverftet Aker Verdal, seier han er kjent med forholda som låg til grunn for at Avdeling 10 blei sett under administrasjon av forbundsstyret og at Merethe Solberg blei avsett som leiar.
– Eg er kjent med uroa som har vore i avdelinga. Eg meiner at ho ikkje er ei svak dame, ho er ein sterk tillitsvald. Ho burde brukt varslingssystemet, som ho kjenner godt, seier klubbleiar på det store skipsverftet Aker Verdal Stian Sagvold.
– Så det har ikkje vore ein skeiv maktrelasjon?
– Ho er ikkje ei svak dame, ho er kjent for å vera tydeleg. Derfor tør eg seia det eg seier. Eg kjenner forholda. Så ser det sjølvsagt ikkje bra ut frå utsida, seier Sagvold, og slår fast at saka ikkje rokker ved hans støtte til forbundsleiaren.
– Jørn har min tillit. No må kontrollkomiteen og forbundsstyret få gjera jobben sin, og få lagt fram feil og ta lærdom.
– Burde han ha forhandla den sluttavtalen med Solberg når han hadde hatt ein relasjon med henne tidlegare?
– Det må kontrollkomiteen sjå på. Eg kjenner ikkje detaljane. Men med det eg veit allereie, så har ikkje Jørn mista noko tillit frå meg.
Indre konflikt
Jorge Dahl, leiar av Unionen fagforeining og medlem i forbundsstyret i Fellesforbundet, har nett vore i eit ekstraordinært forbundsstyremøte då Klassekampen snakkar med han på telefon.
Han meiner at TV 2 uheldigvis har sausa saman saka mot Merethe Solberg, og resten av styret i avdeling 10 i Fellesforbundet, med saka om forholdet mellom Eggum og Solberg.
«Jørn har ikkje mista noko tillit.»
— Stian Sagvold, klubbleiar ved Aker Verdal
– Eg var sjølv involvert i å avgjere at styret i avdeling 10 skulle bli sett under administrasjon. Det var heilt openbert at styret ikkje klarte å gjere jobben sin, seier han.
Etter det Dahl veit, har Solberg ønskt seg sluttpakke heile vegen. Det er òg naturleg, meiner han, når ho som hundre prosent fristilt avdelingsleiar vart avsett på dagen.
– Eg støttar at ho får ei sluttavtale. Når ho mistar styrevervet, mistar ho i røynda jobben, og står utan inntekt og utan oppseiingstid. Då er det rett at ho blir kompensert.
– Eggum er forbundsleiar og har hatt eit forhold til ein tillitsvald lenger nede i organisasjonen. Gjer det han uskikka til vervet som LO-leiar?
– Jørn har mi fulle tillit, og eg er heilt sikker på at han vil bli ein veldig god LO-leiar, om det blir slik. Dette har jo vore ein relasjon mellom to vaksne menneske, og eg vil ikkje leggje meg opp i kva Jørn gjer på privaten.
Klassekampen har kontakta Merethe Solberg for ein kommentar, men ho har ikkje svart.