12. mai
Bygda I boka «Soga um Lothe» skildrar forfattar Anders Lothe bygda Lote i Nordfjord på attenhundretalet, og han kallar det eit anarkistisk-kommunistisk samfunn. I det vestnorske bygdemiljøet på attenhundretalet var det ingen som hadde meir enn andre, og alle var like mykje verdt. Medan bondesamfunna over mest heile verda på den tida var djupt hierarkiske og undertrykkjande, var alle på Lote sjølveigande og frie bønder, og alle tok vare på kvarandre i ein sterkt kollektivistisk kultur.
Om du tek ein løpetur nordover frå Lote, går det berre nokre timar før du kryssar grensa til Sunnmøre og Volda. Der vart det i helga skipa til pridefestival, og det dei kallar for bygdepride har vorte eit symbol på kor langt frigjeringa av skeive folk har kome på bygda. I avisa Møre kan vi likevel lese at helga også vart prega av at eit tosifra tal regnbogeflagg vart rivne ned frå flaggstengene i det som kan verke som ein slags protest.
Stalin såg på dei russiske bøndene som ein klasse som var så konservative at dei fyrst og fremst var ei hindring for revolusjonen, men dei norske bøndene har teke til seg progressive haldningar raskt. Dei som reiv ned regnbogeflagga, var nok få, og er ikkje eit uttrykk for noko som helst.
Aleksander Åsnes