Solveigs salt

Halvguden Jakob

Konflikten mellom fedrar og søner er like gamal som patriarkatet sjølv.

Forsvararane til Gjert Ingebrigtsen bruker fjernsynsdokumentaren «Team Ingebrigtsen» som bevis for at han aldri har utøvd vald i nære relasjonar. Det måtte vera ei overlag godtruen påtalemakt om ho lét seg påverka av det, for det som skjer i ein stor familie, er så innfløkt og omfattande at berre ein liten brøkdel kan fangast opp av eit kamerateam, om dei så følgjer med heilt inn på do. Opptak og redigering gjekk dessutan aktivt inn for å laga eit glansbilete av dei spreke gutane og den joviale trenarfaren deira.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Solveigs salt

Eit verdig liv

Uro og sut for nedgang i folketalet går heilt tilbake til tida kring Kristi fødsel, då den romerske keisar Augustus prøvde å få kvinnene til å føda mange barn ved å gje dei pengar for det. Leiaren i Kristeleg folkeparti, Dag Inge Ulstein, held såleis oppe ein gamal tradisjon når han lokkar trebarnsfamiliane med 200.000 kroner i skattefrådrag. Og det er dei vel unt. Det er mange fordelar med å veksa opp i ein søskenflokk, og god økonomi gjev meir trivsel og mindre stress. Men dersom Ulstein vil gjera rett og skil for seg, må han samtidig sørgja for at dei unge får vita kva dei har å velja mellom, slik at dei ikkje får barn berre fordi dei trur at det er den einaste måten å vera vaksen på. Keisar Augustus ville ha fleire romerske borgarar for at dei skulle ofra livet som soldatar for eit rike i stadig vekst. Norske politikarar vil ha fleire nordmenn for at dei skal halda oppe produktiviteten og ta unna for eldrebølgja. Begge desse prosjekta byggjer på den same vrangforestillinga om uendelege ressursar, og den same motviljen mot å sjå seg om på ny. Me er jo allereie altfor mange her i verda.

Flyktig litteratur

Gravtalen er ein av dei eldste litterære sjangerane, ofte nytta til ideologisk propaganda, til idealisering av menn som fall i krigen og kvinner som fall om på kjøkengolvet. I ein periode var han i tilbakegang, fordi seremoniar og ritual blei oppfatta som gamaldags. No er han tilbake med fornya styrke og oppgradert innhald, framført av slekt og vener som snakkar frimodig frå ein preikestol der presten før var einerådande, og tek den tida dei treng til å få sagt ting som berre kan seiast der og då. Eg har ofte vore imponert over kor kor fint dei manøvrerer i grenselandet mellom offentleg og privat. Dei kan sjølvsagt støtta seg på det biografiske rammeverket, for den avlidne er alltid fødd og oppvaksen ein eller annan ein stad. Men det hender òg at dei går rett inn i det særmerkte og såre, og står støtt på beina og får røysta til å bera likevel. Førre vinter høyrde eg ei ­sørgjande dotter seia om den altfor tidleg døde mor si, som var den yngste kusina mi, at ho var så flink til å lytta, så innsiktsfull, så vis. Der og då forstod eg kvifor ingen ville sagt noko slikt om den felles mormor vår, som alltid måtte trakka dei nærmaste på tærne om ho var aldri så skarp, eller kanskje nettopp derfor. Endå større inntrykk gjorde gravferda til ein klassekamerat som eg knapt hadde sett på seksti år, og ikkje ville ha møtt opp for om det ikkje var for nokre ord om truskap og samhald i ­dødsannonsen som tala uventa sterkt til meg.

Homeriske mødrer

I fjor haust gjekk ei kvinne på tur over ei utmark der det var kyr på beite. Brått kom ei av dei farande som ein tyr på ein arena, tok henne på horna og slengde henne høgt i vêret. Årsaka til denne uventa villskapen var at kua var ei ammeku med alle naturlege instinkt intakte. Ho hadde aldri gått gjennom det traumet det er å mista ungen sin straks han er fødd, aldri stått deprimert og handlingslamma kopla til ein maskin som tappa henne for den mjølka som kalven skulle hatt. Hadde ikkje bonden på garden sett det ovanfrå traktoren på den andre sida av gjerdet, hadde den arme turgåaren blitt stanga i hel som det rovdyret ho blei forveksla med. Å bera avkommet inni kroppen og fostra det med sitt eige blod, og halda fram med å næra det med superkraft frå mjølkekjertlane lenge etter at det er fødd, er alltid ei påkjenning. Likevel er hodyra ute i det fri verken magrare eller meir sjuklege enn hanndyra, og dei lever minst like lenge.