Bendik Woie har delt denne artikkelen med deg.

Bendik Woie har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Kraft

Sende rekordmykje kraft ut av landet

Noreg eksporterte rekordmykje kraft i fjor. Det gav mange milliardar i kassa til Statnett.

Rekordår: Aldri før har det blitt eksportert meir kraft frå Norge enn i 2024. Det har ikkje berre gitt kraftprodusentane inntekter, men også Statnett får store inntekter av krafteksport. Foto: Tom Henning BratlieRekordår: Aldri før har det blitt eksportert meir kraft frå Norge enn i 2024. Det har ikkje berre gitt kraftprodusentane inntekter, men også Statnett får store inntekter av krafteksport. Foto: Tom Henning Bratlie

Det var ei betydeleg kraftutveksling med andre land i 2024. Totalt blei det sendt 32 TWh ut av landet. Det er rekord. Samstundes var kraftimporten på 14 TWh, ifølge Statnetts årsrapport, som blei publisert før helga.

Det er ei auke i krafteksport frå 2023 frå 30 TWh, og aldri tidlegare har det blitt eksportert så mykje kraft som i fjor. I 2022 var eksporten på 25,7 TWh.

Til samanlikning har Oslo eit årleg energiforbruk på 14 TWh. Størst kraftutveksling er det mellom Norge og Sverige.

Samla sett gjekk kraftproduksjonen opp i fjor med 3 TWh til 157 TWh.

11 milliardar i kassa

Kraftutvekslinga gir store summar i kassa til Statnett, som eig kraftkablane, gjennom såkalla flaskehalsinntekter. Dette er inntekter som kan variera stort, avhengig av kraftprisen i dei områda som krafta blir utveksla mellom.

Statnett får flaskehalsinntekter både frå kraftutveksling mellom ulike kraftområde i Norge, og for kraftutveksling med andre land. Totalt var flaskehalsinntektene til Statnett i fjor på over 11 milliardar kroner, mot 9,9 milliardar kroner i 2023.

Flaskehalsinntektene frå utanlandskablane auka med 30 prosent i 2024, ifølge Statnett.

781 millionar kroner frå flaskehalsinntektene blei betalt ut i kompensasjon til underliggande nett.

Grunn til å jubla

Fornybar Norge meiner kraftutvekslinga og inntektene dei gir i form av flaskehalsinntekter gir grunn til å jubla.

– Ja, dette er det berre å jubla for. Grunnen for at me har fått så store flaskehalsinntekter er at det har vore kjempestore prisforskjellar mellom Norge og Europa. Det har aldri vore høgare prisforskjellar mellom Norge og Europa enn i 2024. Me kan eksportera straum dyrt, og importera billig, seier Lars Tennbakk Bockman, næringspolitisk rådgivar i Fornybar Norge.

At krafteksporten blei stor i fjor, handlar også om at det kom mykje regn.

«Dette er det berre å jubla for.»

Lars Tennbakk Bockman, ­næringspolitisk rådgivar i Fornybar Norge

– Det handlar om at det var eit veldig vått år, me hadde ein god kraftbalanse, seier han.

Sofie Marhaug sit i energikomiteen på Stortinget for Raudt. Ho meiner det ikkje er grunn til å jubla, trass i at krafteksporten gir milliardar i kassa.

– Det er heilt greitt å eksportera kraftoverskott, men eg skulle ønskt me klarte å bruka meir av krafta til å kutta utslepp her heime, seier ho.

– Og meir av straumen burde gått til Grenland. Det er ei gåte for meg at det er vanskelegare å senda straum frå Agder til Grenland, enn frå Agder til Danmark, seier Marhaug.

Restriksjonar på bruk

Sjølv om kraftutveksling gir store flaskehalsinntekter, er det restriksjonar på bruken av flaskehalsinntektene frå kablane til EU-land, påpeiker ho.

– Me får ikkje lov å bruka dei inntektene til å redusera nettleiga. Dessverre kjem ikkje dei folk til gode. Særleg for folk i Sør-Norge, der straumrekninga er høg er det synd, seier Marhaug.

Det er no sju år sidan Norge slutta seg til EUs energibyrå Acer. Den gongen lova Arbeidarpartiet at flaskehalsinntekter skulle kunne brukast på å redusera nettleiga, påpeiker Marhaug. Men det har ikkje skjedd.

– Den oppsida flaskehalsinntekter skulle vera, er avgrensa, seier ho.