Solveigs salt

Eit verdig liv

Folketalet bør heller ned enn opp, og dei gamle kan nyta solnedgangen.

Uro og sut for nedgang i folketalet går heilt tilbake til tida kring Kristi fødsel, då den romerske keisar Augustus prøvde å få kvinnene til å føda mange barn ved å gje dei pengar for det. Leiaren i Kristeleg folkeparti, Dag Inge Ulstein, held såleis oppe ein gamal tradisjon når han lokkar trebarnsfamiliane med 200.000 kroner i skattefrådrag.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Solveigs salt

Halvguden Jakob

Forsvararane til Gjert Ingebrigtsen bruker fjernsynsdokumenen «Team Ingebrigtsen» som bevis for at han aldri har utøvd vald i nære relasjonar. Det måtte vera ei overlag godtruen påtalemakt om ho lét seg påverka av det, for det som skjer i ein stor familie, er så innfløkt og omfattande at berre ein liten brøkdel kan fangast opp av eit kamerateam, om dei så følgjer med heilt inn på do. Opptak og redigering gjekk dessutan aktivt inn for å laga eit glansbilete av dei spreke gutane og den joviale trenarfaren deira. Om han snudde om til ein tyrannisk patriark straks kamera blei slått av, kjem me til å få vita mykje meir om i vekene framover, for hendingane er relativt ferske og augevitna mange. I tillegg vil maktfordelinga mellom forsvar og påtalemakt syta for at saka blir opplyst frå fleire sider. Den knuste idyllen vil aldri kunna limast i hop igjen. Elles er jo den nedbrytande konflikten mellom fedrar og søner like gamal som patriarkatet sjølv. I Bibelen krev det fjerde bodet at barna skal elska og æra foreldra sine, og lover suksess i jordelivet for dei som ikkje opponerer, trass i at den unge israelitten Jakob oppnår det same ved å narra far sin til å gje han førstefødselsretten sjølv om han i røynda er nummer to, mens den alltid lydige Jesus endar på eit kors og berre får løn i himmelen.

Flyktig litteratur

Gravtalen er ein av dei eldste litterære sjangerane, ofte nytta til ideologisk propaganda, til idealisering av menn som fall i krigen og kvinner som fall om på kjøkengolvet. I ein periode var han i tilbakegang, fordi seremoniar og ritual blei oppfatta som gamaldags. No er han tilbake med fornya styrke og oppgradert innhald, framført av slekt og vener som snakkar frimodig frå ein preikestol der presten før var einerådande, og tek den tida dei treng til å få sagt ting som berre kan seiast der og då. Eg har ofte vore imponert over kor kor fint dei manøvrerer i grenselandet mellom offentleg og privat. Dei kan sjølvsagt støtta seg på det biografiske rammeverket, for den avlidne er alltid fødd og oppvaksen ein eller annan ein stad. Men det hender òg at dei går rett inn i det særmerkte og såre, og står støtt på beina og får røysta til å bera likevel. Førre vinter høyrde eg ei ­sørgjande dotter seia om den altfor tidleg døde mor si, som var den yngste kusina mi, at ho var så flink til å lytta, så innsiktsfull, så vis. Der og då forstod eg kvifor ingen ville sagt noko slikt om den felles mormor vår, som alltid måtte trakka dei nærmaste på tærne om ho var aldri så skarp, eller kanskje nettopp derfor. Endå større inntrykk gjorde gravferda til ein klassekamerat som eg knapt hadde sett på seksti år, og ikkje ville ha møtt opp for om det ikkje var for nokre ord om truskap og samhald i ­dødsannonsen som tala uventa sterkt til meg.

Homeriske mødrer

I fjor haust gjekk ei kvinne på tur over ei utmark der det var kyr på beite. Brått kom ei av dei farande som ein tyr på ein arena, tok henne på horna og slengde henne høgt i vêret. Årsaka til denne uventa villskapen var at kua var ei ammeku med alle naturlege instinkt intakte. Ho hadde aldri gått gjennom det traumet det er å mista ungen sin straks han er fødd, aldri stått deprimert og handlingslamma kopla til ein maskin som tappa henne for den mjølka som kalven skulle hatt. Hadde ikkje bonden på garden sett det ovanfrå traktoren på den andre sida av gjerdet, hadde den arme turgåaren blitt stanga i hel som det rovdyret ho blei forveksla med. Å bera avkommet inni kroppen og fostra det med sitt eige blod, og halda fram med å næra det med superkraft frå mjølkekjertlane lenge etter at det er fødd, er alltid ei påkjenning. Likevel er hodyra ute i det fri verken magrare eller meir sjuklege enn hanndyra, og dei lever minst like lenge.