Fredrick Mortvedt har delt denne artikkelen med deg.

Fredrick har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Sv

Krefter i SV snur om EØS

Uroa rundt Donald Trump gjer at fleire fylkeslag i SV vil at landsmøtet skal skrote motstanden mot EØS-avtala.

Open for alt: Nestleiar i SV Torgeir Knag Fylkesnes kan akseptere både motstand og ikkje motstand mot EØS i partiprogrammet. Foto: Siv DolmenOpen for alt: Nestleiar i SV Torgeir Knag Fylkesnes kan akseptere både motstand og ikkje motstand mot EØS i partiprogrammet. Foto: Siv Dolmen

Motstand mot EØS-avtala har vore ei viktig sak for SV lenge, og i forslaget til nytt partiprogram er det framleis det. Fleire fylkeslag vil likevel gjere noko med det, og foreslår å fjerne motstanden mot EØS.

Førstekandidat for SV i Nordland Christian Torset seier at det er fordi situasjonen i verda no er så kaotisk.

– No er det klokt med borgfred. No må vi berre stå samla med dei landa som har demokrati. Vi må kjempe for fridom og demokrati, og ikkje køyre ut i ukjent terreng, seier han.

Torset er ein svoren nei-mann, men no vil han likevel ikkje at partiet hans skal jobbe for å melde Noreg ut av EØS.

– Eg har alltid vore nei-mann. Både nei til EU og nei til EØS. Eg har sete i sentralstyret til Nei til EU i seks år. Eg har ofte ytra meg sterkt imot EØS, men no har verdssituasjonen endra seg, seier han.

– Situasjonen er også den at ytre høgre er på framvekst, mange stader i Europa, og det er ein del av bildet. Vi kan i den her situasjonen etter mi meining ikkje prioritere den kampen som gjeld EØS-kamp.

Telemark og Oslo samde

Også Oslo SV foreslår å stryke punktet om EØS-utmelding frå partiprogrammet, og Steinar Heldal fortel at det er fordi det passar dårleg å jopbbe for det no.

– Det handlar berre om kva vi skal prioritere i den komande stortingsperioden. Vårt prinsipielle standpunkt rundt EU og EØS ligg framleis fast i prinsipprogrammet. Det store fleirtalet i Oslo SV tenkjer nok at hendingane den siste tida gjer at det likevel ikkje er rett å prioritere å jobbe mot EØS no, seier Heldal.

I Telemark SV fortel Ådne Naper at også dei vil ha vekk motstanden mot EØS-avtala i programmet til SV.

Dei er heilt samde med Nordland SV i at det er feil tidspunkt no å jobbe for å endre på den tilknytinga som Noreg har til Europa.

– For oss er det heilt openbert at vi i dagens situasjon må prioritere at industrien vår har marknadstilgang til Europa. I Telemark har vi det største prosessindustrimiljøet i Noreg, og veldig mykje av det som blir laga vert eksportert til Europa, seier han.

– Det er ei tid for alt, og no er ikkje tidspunktet for å risikere at viktige norske bedrifter mister tilgang til Europa.

– Oppfattar du at det er mange i SV som forandrar meining om EØS i desse dagar?

– Ja, det veit eg at det er. Det er ei utvikling, og det blir diskutert mykje i partiet. Det er folk som no forandrar oppfatning fordi dei ser all den uroa rundt oss, seier Naper.

Fleirtal for EØS

Klassekampen har i lang tid utført spørjeundersøkingar der vi stiller spørsmål om EU og EØS. Der kjem det fram at dei fleste i Noreg ville ha røysta ja til EØS-avtala viss dei fekk spørsmål om det i ei folkerøysting.

Det gjeld også veljarane til SV. I den nyaste målinga seier 76 prosent av veljarane til SV at dei ville ha røysta ja til EØS.

Fredrick Mortvedt er Svar og aktiv i Europabevegelsen, og han meiner at også desse tala tilseier å stryke motstanden mot EØS frå programmet.

«Det er naivt å late som at handelspolitikk ikkje har noko med tryggingspolitikk å gjere.»

Christian Torset, førstekandidat for SV i Nordland

Ei lausare tilknyting til EU vil naturleg nok føre til at Noreg får auka tollmurar, dersom det kjem til det, meiner han.

– At SV skal arbeide aktivt for å melde Noreg ut av EØS-avtalen, trur eg er svært uklokt i situasjonen vi er i no. Éin ting er at det vil råke norske bedrifter og arbeidsplassar, ein annan er at Europa no må ta større ansvar enn på lenge, og det europeiske samarbeidet blir viktigare enn nokon gong.

Fylkesnes usamd

Nestleiar i SV Torgeir Knag Fylkesnes har leia programkomiteen i partiet.

I det første forslaget til program stod det ingenting om å skrote EØS-avtala, men Fylkesnes fortel at dei tok det inn i det endelege forslaget slik at ingen skulle misforstå og tenkje at SV no er tilhengjarar av EØS-avtala.

– Eg lever godt med begge delar. Det vi skal prioritere i neste stortingsperiode er uansett å utforske handlingsrommet i EØS, men nokre har reagert på at vi ikkje hadde noko som helst om å erstatte EØS. For å oppklare den forvirringa rundt om vi framleis er mot EØS, så tok vi det inn i attarbeidsprogrammet, seier han.

Sosialistisk Ungdom (SU) meiner derimot at EØS-standpunktet må liggje fast.

– Vi likar formuleringa som er der no. Viss ein stryk det no, er det borte for alltid, seier SU-leiar Audun Hammer Hovda.

Han vedgår at det å seie opp EØS-avtalen er eit stort og omfattande arbeid.

– Er det verkeleg riktig prioritering dei neste fire åra, slik verda ser ut no?

– Det treng ikkje bety at vi sender ut utmeldinga dagen etter valet, men vi må jobbe med alternativ.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan lett registrere deg med

Politikk

Asyl

De var støtte­spil­lere for Aleksej Navalnyj og flyktet til Norge i 2022. Nå kan Anton Kremlev og Aleksej Kuroptev endelig planlegge en framtid her.

Kraft

Både SV og Senter­par­tiet trugar med å ikkje støtte straum­ord­ninga Norgespris, men energi­mi­nis­teren trur ikkje på dei.

Valg 2025

Ny krise­må­ling for Høyre: Ber Erna skifte til utestemme