Aleksander Åsnes har delt denne artikkelen med deg.

Aleksander har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Eu

Ønskjer ikkje ny EU-kamp

Statsminister Jonas Gahr Støre åtvarar mot ein ny EU-kamp i Noreg. Det trur han vil polarisere samfunnet.

STÅ OPP: Jonas Gahr Støre brukar ofte anglisismen «å stå opp for» når han skal skildre kva Arbeidarpartiet gjer for EØS-avtala. Her er han ved Musikkpaviljongen i sentrum av Bergen tysdag morgon. Foto: Pernille Ekornrud GrøndalSTÅ OPP: Jonas Gahr Støre brukar ofte anglisismen «å stå opp for» når han skal skildre kva Arbeidarpartiet gjer for EØS-avtala. Her er han ved Musikkpaviljongen i sentrum av Bergen tysdag morgon. Foto: Pernille Ekornrud Grøndal

Må Noreg no søkje EU-medlemskap for å sikre seg i ei farlegare og meir uføreseieleg verd?

Tvert imot, er den bastante konklusjonen frå statsminister Jonas Gahr Støre: Ein opprivande EU-kamp er ifølge han det siste Noreg treng nett no.

– Akkurat i desse dagar, når det kjem tollbarrierar mellom USA og Europa, så må vi bruke kreftene på den avtalen vi har med Europa, og ikkje på noko anna.

– Men du er jo for EU, kvifor tenkjer du ikkje at det hadde vore bra med ein EU-debatt og med eit norsk medlemskap i EU?

– Fordi eg er veldig oppteken av at vårt forhold til Europa skal vere trygt. Dette er ikkje ei tid for ei skarp polarisering i samfunnet vårt, som EU-debatten tidlegare har vore. Eg trur at EØS gir oss tryggleik, og vi har mange kontaktar med Europa for å avklare andre ting. Tida no er for å ta vare på det vi har, og det er EØS-avtala.

– Fleire i både Høgre og Arbeidarpartiet ivrar for ein ny EU-debatt, men du avviser altså å melde deg på i ein slik debatt viss den kjem?

– Ja, eg melder meg på i kvardagen her og no, og då handlar det om å ta vare på det vi har, nemleg EØS-avtala. Det er utruleg viktig, og det var så viktig for meg å stå fast på den avtala at det førte til ei endring i kven som sit i regjering.

Overraska av Trump

Støre seier at han og regjeringa følgjer nøye med på det som skjer i USA om dagen, og at noko av det som Trump no gjer, overraskar han.

– Vi må følge veldig med på det som skjer med Trump i USA no, for vi har eit veldig nært, historisk og djupt forhold til USA. Det ligg noko grunnleggjande i det forholdet knyta til tryggleik og forsvar, og vi må bli kjent med korleis Trump-administrasjonen opptrer. Vi jobbar med å knyte kontaktar, seier Støre.

– Er du overraska over korleis Trump-administrasjonen har oppført seg desse siste vekene?

– Dei er klart mykje betre førebudd enn sist, og har no eit skarpt ideologisk prosjekt som dei gjennomfører på heimebane. Og så har dei ein ny måte å jobbe på internasjonalt, der dei kjem med ei rekkje forhandlingsutspel. Det må vi lære oss å kjenne og forstå.

– At ein del av dei skarpaste utspela til Trump ikkje er meint heilt alvorleg, men er eit ledd i forhandlingar?

– Ja, det har vi sett no, til dømes rundt tollsatsane mot Canada og Mexico. Han varsla ganske dramatiske konsekvensar, men så vart det utsett ein månad for å forhandle om detaljane. Det er ein ny stil, og den må vi lære å kjenne.

– Blir det vanskelegare for USA å ha ei leiarrolle i Vesten når dei har denne nye stilen?

– Det vil nok få konsekvensar, for forhold mellom land er bygd på føreseielegheit og tillit. Når det blir uføreseielegheit, og tilliten blir sett i spel, så får det konsekvensar. No må vi jobbe med å knyte kontaktar og å bli forstått.

Full støtte frå Høgre

Erna Solberg er ein sterk tilhengjar av norsk EU-medlemskap, og i landsmøtetalen sin til Høgres landsmøte i 2023, så sa ho at Noreg har sett seg sjølv på gangen ved å ikkje vere medlem av EU.

No er likevel Solberg samd med Støre i at det ikkje er rett tidspunkt å diskutere norsk EU-medlemskap på.

– Eg er samd med Støre i at det ikkje er noko poeng i å blåse liv i ein fullskala EU-debatt, når vi veit at folket ikkje er klare for den. Det er ikkje aktuelt for Høgre å melde Noreg inn i EU utan ei folkeavstemming, og som eg har sagt før: Det kjem ikkje til å skje i neste stortingsperiode, dersom vi får bestemme, seier Solberg.

– Samstundes driv Støre med dobbeltkommunikasjon om EU. Han taler med to tunger, når han seier han vil ha fortgang i å betre Noregs forhold til Europa og verne om EØS-avtalen, samtidig som han her heime lover å ikkje ta inn fem av åtte deler av Rein energi-pakka. Det trur eg ikkje EU forstår, og det bidrar ikkje til å gjere det meir sannsynleg at Noreg får vere med på samarbeid om forsvar, helse og satellittkommunikasjon, seier Solberg.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Politikk

Statsbudsjett

Sjeføkonom Jan Ludvig An­dre­assen meiner at venstre­sida vil tape arbei­dar­klassen om dei ikkje kuttar meir i skattane.

Statsbudsjettet

Klart krav til Støre

Statsbudsjett

Ap, Sp, SV og Raudt vil bruke milliardar på skattekutt til vanlege folk. – Me støttar det ikkje, seier økonomi­sjefen i LO.