Solveigs salt

Svart skinnjakke

Gutane på dei bakarste pultane blei plutseleg uvanleg lydhøyre.

Som ung lektor vakla eg lenge mellom kvinnerolla og det heile mennesket, mellom kravet om å slå meg til ro på botnen av hierarkiet og trongen til å sleppa krafta laus. Det uformelle regelverket var så bastant at det kom til eit punkt då eg forstod at det var best å teia i forsamlinga, så slapp eg bråket med menn som blei nervøse når eg sa dei imot, og kvinner som blei sure når eg ikkje var like lydig som dei. Men det var ikkje verre stelt med meg enn at eg ville ha løn for sjølvfornektinga: Eg skulle kjøpa meg den dyraste og mest feminine skinnjakka som var å oppdriva.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Halv­prin­sen

No i veka avgjorde Borgarting lagmannsrett at Marius Borg Høiby, som er sikta for vald i nære relasjonar og ei mengd med andre overgrep, ikkje skulle få permisjon frå varetektsfengsel for å vera saman med den sjuke mor si, kronprinsesse Mette-Marit. For det kan ikkje gjelda andre reglar for han enn for andre, og heile kongeriket har forstått at han ikkje er til å ha gåande laus. Det står respekt av at kongefamilien ikkje har misbrukt stillinga si til å pressa fram ei særordning. Godt er det òg at dei ikkje har støytt han frå seg, verken fordi han opphavleg kom frå eit svært lite majestetisk samfunnssjikt, eller på grunn av det han har gjort i det siste. Likevel har han heilt sidan barndomen hatt status som eit slags ufullstendig familiemedlem, med lågare rang enn halvsøskena, og samtidig friteken frå slike plikter og krav som får unge menneske til å setja føter under seg. Mette-Marit blei kongeleg av å gifta seg med tronarvingen, men det fanst ingen merkelapp til å klistra på den vesle guten som følgde med på kjøpet, ingen ærverdig gamal tradisjon for «steprins» eller «halvprins» som kunne gje han ei rolle på slottet og ei retning i livet. Og i ein heim der mat, hus og straum var gratis, og ingen av foreldra hadde yrkeserfaring, var det ingen som gjorde det klart for han at skulle han bli sin eigen herre, måtte han klatra eit trinn nedover rangstigen. Alt var vel og bra så lenge han var liten og søt, og ved å halda seg med ein lys lugg og eit uskuldsblått blikk lenge etter at han var ferdig utvaksen, har han glidd unna dei utfordringane som dei fleste unge treng om dei skal bli gagns menneske.

Å kryssa ei gate

Mens eg stod på vestsida av Kongsgata i Stavanger og venta på at trafikklyset skulle skifta til grøn mann, kom det dundrande forbi ei lang rekke med svartkledde gamlingar på digre motorsyklar. Dei fylte den tronge gata med øyredøyvande gjenlyd og giftig eksos, tre-fire i breidda, låge på giret og tunge på gassen, med stive blikk i pløsete fjes og breie kroppar på breie sete. Mange låg bakoverlente og skrevde som til masseundersøking for prostatakreft. Der fekk dei raudt lys. Eg løfta høgrefoten for å trø ut i gangfeltet – og drog han til meg igjen med det same, for dei køyrde tvers gjennom krysset utan verken å sjå seg til sides eller stansa. Så eg fekk berre venta tolmodig til alle hadde passert, og det tok si tid. Jamvel etter at fortroppen var forsvunnen sørover mot Hillevåg, strøymde det på med grovt maskineri og aldrande biomasse ut or svingen nord ved domkyrkja.

Lille­bjørn­byen

Det er ingen ting som svinger sånn som det gjorde før,» seier tanta til Beate. I ungdomen hadde ho den uforliknelege Robert Normann til å spela opp til dans, og det er berre i sjeldne stunder med Django Reinhardt på grammofonen at ho finn tilbake til det Oslo som ein gong var. Men for meg, som først lærte denne byen å kjenna gjennom barnetimen for dei minste i radioen, der den fjåge røysta til Anne-Cath Vestly mana fram ein slitesterk småkårsidyll, er han framleis like venleg og imøtekomande. Det kjem særleg av at då eventyrstundene til Anne-Cath ebba ut, tok Lillebjørn Nilsen over med «Fin frokost» og den gamle brua som kan bera hundre mann berre dei ikkje marsjerer. Ho spenner over Akerselva, som han kanskje ikkje nemner direkte i nokon av songane sine, men som likevel må ha vore ei poetisk åre der ho flyt blank og tankefull forbi like bak huset hans i Maridalsveien. Der terrenget skrånar ned mot sentrum, ligg heimen til den moderlege Hønse-Lovisa og balanserer mellom dikting og sanning, med eit skilt utanpå som fortel at ho var ein rollefigur i skodespelet «Ungen» av Oskar Braaten. Verkelege menneske kan få kjøpt verkelege vaflar der, og ein travel far med ein unge som nettopp har sovna, kan trilla barnevogna ned til benken nedi bakken og få seg ei fredastund i elvebruset nett der det aukar på med kvitt skum mot svart berg. I flatare land, som Frankrike, traskar turistane omkring i snirklete parkar og ser på springvatn som må pumpast opp med energikrevjande maskineri for å koma høgt nok til vêrs til å sjå flott og imponerande ut. Det kan vel greia seg når ein ikkje har noko anna, men det er ingenting mot ei livs levande elv som renn for eiga kraft. Den norske hovudstaden, som i alle år hadde fått høyra at han berre var ein dum liten småby i eit land som ingen hadde høyrt om, måtte gå nokre rundar med seg sjølv før han forstod at desse fossestryka som ein gong dreiv vasshjula til dei fabrikkane som sidan har blitt restaurantar og kulturhus, har mykje meir sprut i seg enn fontenene i Versailles.