I år må me fikse bustad­po­li­tikken

Bustadmarknaden er i stor ubalanse. Bustadprisane steig med 6,4 prosent i 2024, og prognosane for 2025 er ikkje lyse. Det er venta ein prisvekst på 10 prosent nasjonalt og opptil 12 prosent i Oslo, med rekordlåg ferdigstilling av nye bustader. Bustadkrisa blir berre verre om ikkje politikarane tek ansvar. Det å vere ein del av bustadmarknaden handlar ikkje berre om tak over hovudet, men om noko så grunnleggjande som makt og fridom i eige liv.

Debatt