Jimmy Carter er daud. Han blir minna av NRK som ein mann som «engasjerte seg i menneskerettar og fredsarbeid». Det gjer såleis meining at mannen var president i USA, eit føregangsland når det kjem til nettopp menneskerettar og fredsarbeid. Som leiar av den frie verda sørga Jimmy Carter for å oppretthalde den regelbaserte verdsorden som held oss alle trygge. For det skal han ha takk og ære. Let oss sjå tilbake på nokre sentrale moment ved presidentperioden til humanisten Carter.