Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Humanisten Jimmy Carter»

AMERIKA FØRST: Den tidlegare amerikanske presidenten Jimmy Carter er daud. I den anledning tek innleggsforfattaren en titt på nokre sentrale moment i Carters presidentperiode – som støtta til sjahen i Iran. FOTO: Branden Camp, NTB/AP

Jimmy Carter er daud. Han blir minna av NRK som ein mann som «engasjerte seg i menneskerettar og fredsarbeid». Det gjer såleis meining at mannen var president i USA, eit føregangsland når det kjem til nettopp menneskerettar og fredsarbeid. Som leiar av den frie verda sørga Jimmy Carter for å oppretthalde den regelbaserte verdsorden som held oss alle trygge. For det skal han ha takk og ære. Let oss sjå tilbake på nokre sentrale moment ved presidentperioden til humanisten Carter.