Aleksander Åsnes har delt denne artikkelen med deg.

Aleksander har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Ap

Vestland Ap vil ha Støre

Rykta om at Vestland Ap vil felle Jonas Gahr Støre, er riv ruskande gale, seier eit klart fleirtal av styret.

FÅR STØTTE: Jonas Gahr Støre får støtte frå mange i Vestland Arbeidarparti. Her er han fotografert i statsministerbustaden. Foto. Siv DolmenFÅR STØTTE: Jonas Gahr Støre får støtte frå mange i Vestland Arbeidarparti. Her er han fotografert i statsministerbustaden. Foto. Siv Dolmen

Er Jonas Gahr Støre ferdig som Ap-leiar?

Det spørsmålet har vore utgangspunkt for ei rekkje saker mediesaker med anonyme kjelder dei siste vekene. Fleire medium melder at Vestland Ap er blant dei store fylkeslaga som no vil kaste Støre som leiar.

Men eit fleirtal av styret i Vestland Ap avviser kontant at dei vil hive Støre. Klassekampen har prata med åtte av dei elleve styremedlemmane i Vestland Ap. Alle svarer at dei støttar Støre som partileiar. Dei kjenner ikkje seg att i sakene der det blir skrive at Vestland Ap jobbar for leiarskifte.

Ifølgje Dagbladet er Vestland «klar for å melde at Jonas Gahr Støre ikkje har tillit som leder». Aftenposten har skrive at «dominerande krefter i Vestland jobbar for et lederskifte». Då Aftenposten skulle rekne seg fram til kor mange landsmøtedelegatar som vil kaste Støre, telte avisa med Vestland Ap.

Det er likevel ikkje det bildet som teiknar seg når Klassekampen pratar med styremedlemmar og folkevalde i Vestland Ap.

Nøgd med Støre

– Eg er nøgd med Jonas som partileiar og som ein svært stødig statsminister, så for meg har han full støtte. Eg har snakka med mange medlemmar frå ulike stader i Vestland, og alle dei er også tydelege på si støtte til Støre, seier nestleiar i Vestland Ap, Siri Sandvik.

Dei andre styremedlemmane Klassekampen pratar med, stemmer i.

– Eg støttar Jonas fullt ut, og det har eg absolutt inntrykk av at andre i Vestland Arbeidarparti gjer også, seier styremedlem i Vestland Ap og ordførar i Bremanger, Ann Kristin Førde.

– Korleis kan det då ha oppstått ei forteljing om at Vestland Ap jobbar for å kaste Støre?

– Det veit eg ikkje. Det lurer eg også på, seier Førde.

Vraka fylkesleiar

Ein Klassekampen ikkje har fått i tale i styret i Vestland Ap, er fylkesleiaren Marte Mjøs Persen. Fleire aviser har skrive at Persen skal ha uttrykt mistillit til Støre.

Persen vart vraka av Støre som statsråd av i 2023, og tidlegare i år vart ho vraka av sitt eige fylkeslag som stortingskandidat. Persen er dermed i praksis ferdig i rikspolitikken etter valet til hausten.

Klassekampen har forsøkt å spørje Persen korleis det kan ha oppstått ei forteljing om at Vestland Ap vil kaste Støre, når styret i fylkeslaget så tydeleg uttrykkjer støtte til han. Det har vi ikkje fått svar på.

«Eg støttar Jonas fullt ut, og det har eg absolutt inntrykk av at andre i Vestland Ap gjer også.»

Ann Kristin Førde, styremedlem i Vestland Ap

Ein som vil svare, er stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide.

Han var ein av dei første som rykte ut for å gje si fulle støtte til Jonas Gahr Støre. Også han meiner at det har blitt teikna eit heilt feil bilete i avisene av korleis stemninga er i Vestland Arbeidarparti.

– Eg har hatt mykje kontakt med våre partilag i både Hordaland og Sogn og Fjordane, og eg har prata med ordførarar og masse ulike folk på grasrota. Alle støttar Jonas og er tydelege på det. Alle frå Vestland Ap som har vore ute og sagt noko, har sagt at dei støttar han. Så er det nokre enkeltpersonar som opererer som anonyme kjelder her, men det er heilt feil at Vestland Ap ikkje støttar Jonas, seier Vereide.

– Kven trur du at dei anonyme kjeldene er, då?

– Det veit eg sjølvsagt ikkje, men mitt inntrykk er i alle fall at det ikkje stemmer at sterke krefter i Vestland Ap no jobbar for å felle Jonas. Det er enkeltpersonar som seier dette anonymt, men det er ikkje eit riktig bilete, seier han.

Lojal støttespelar

Vereide er kjent som ein lojal støttespelar og fast sjakkpartnar av Jonas Gahr Støre, og han kan nesten ikkje få rost partileiaren sin nok.

– Nokre trur kanskje at eg berre seier dette, men eg meiner at Jonas er den aller best tenkjelege personen til å vere statsminister akkurat no, heilt på tvers av alle partigrenser. Eg er trygt plassert på venstresida i Arbeidarpartiet og ville ikkje ha støtta leiinga blind om eg ikkje var fornøgd. Eg meiner at partiet har levert god sosialdemokratisk politikk i denne perioden.

– Kvifor går det så dårleg, då?

– Det er krig i Europa, det er dyre straumprisar, det er høge renter, det er dyre bustadprisar. Det er krise, og denne regjeringa har levert betre enn mange andre regjeringar i Europa. Jonas er ein person som har takla desse krisene godt og levert solid politikk, seier Vereide.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med