Vekas bokDikt

Synleg forsvinning

I Alice Oswalds «Minnesmerke» skin Iliadens krigsskildringar gjennom og inn i vår tid.

Råd: Møte mellom gudane i John Flaxman si gravering av Homers Iliaden, frå 1805. Foto: Wikimedia CommonsRåd: Møte mellom gudane i John Flaxman si gravering av Homers Iliaden, frå 1805. Foto: Wikimedia Commons

Alice Oswald

Minnesmerke

Gjendikta av Pedro Carmona-­Alvarez

Kolon Forlag 2024, 94 sider

Alice Oswalds «Minnesmerke» har undertittelen «En utgravning av Iliaden», og opnar med ei namnetavle over diktets døde som strekkjer seg over åtte sider. Å opne boka er som å stille seg framfor eit krigsmonument, der 200 namn, stava i store bokstavar, slår mot deg med dumpe drønn frå boksidene. Vanlegvis går ein vidare i verda etter å ha stått ei stund framfor eit slikt monument. Oswald byrjar i staden å grave ut namn etter namn, liv for liv, i komprimerte soldatbiografiar som er parafrasar av Homers epos – og som alle uunngåeleg endar i død. Som i vekselsong spenner ho samstundes ein poetisk boge over liva deira gjennom frie gjendiktingar av similar frå Iliaden – død etter død blir samanlikna, gjerne med noko frå naturen eller dyreriket, via ordet «lik» eller «som».

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Bokmagasinet

Intervju

Per Pettersons nye bok slår ned i en tid da både livet og samfunnet var totalt uforut­sig­bart.

Nordisk råd

Hva skjer når kunstens fremste oppgave blir å protestere, ikke å tenke nytt?

Månadens poet

Draumane berre kjem til Martin Inge­brigtsen, men visjonane må han jobbe for.