Solveigs salt

Naturleg hodyr

Fødselen skjerpar jaktinstinktet.

Eit tankesystem vil alltid vera farga av dei personlege interessene til den som har tenkt det ut. For attenhundretalsmannen Charles Darwin var det heva over diskusjon at det britiske herrefolket var meir høgtståande enn innbyggjarane i koloniane. For nittenhundretalsmannen Richard Dawkins, som har sett eit katastrofalt preg på menneskesynet no på totusentalet, har det vore like sjølvsagt at alt som er typisk for hankjønnet, er fordelar, og alt som er typisk for hokjønnet, er ulemper.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Innbilt fange

Det fanst ingen i nærmiljøet som naturbarnet Cathrine Morland kunne forelska seg i. Men når ei ung dame er meint til å bli heltinne, kan ikkje motstanden frå førti sedate grannefamiliar hindra det. Noko må og vil henda som slengjer ein helt framfor føtene på henne. «Northanger Abbey», som kom ut i 1818, er den siste romanen til Jane Austen, og samtidig den første, for han er skriven på grunnlag av det upubliserte ungdomsverket «Susan». Det er ei underfundig bok der den modne forfattaren kommenterer handlinga over hovudet på den unge, som ein dramatikar som står midt på scena og forklarer kva dei medverkande held på med. For å få fart på handlinga inviterer eit par vener av familien Morland den sytten år gamle Cathrine med til badebyen Bath, der marknaden er større og utvalet betre. Der ute i den store verda finst det sjølvsagt òg ein og annan sadistisk adelsmann som liker å tvinga unge damer med til avsidesliggjande gardar. Men mor til Cathrine veit ingenting om den slags, og formanar henne berre om å kle seg varmt når ho kom heim frå dans, og ikkje å la pengebruken gå heilt over styr. Lesarar med fast tru på den sosiale kontrollen på attenhundretalet kan knapt unngå å undra seg over kor fritt denne uerfarne tenåringen får lov til å renna omkring.

Ri­siko­sport

Jane Austen er først og fremst verd å minnast fordi ho skreiv fabelaktige bøker, men ho skil seg òg ut fordi ho til kvinneleg forfattar å vera hadde ein uvanleg støttande familie. Då «Stolthet og fordom» nettopp var komen frå trykkeriet, tok ho ei av svigerinnene sine med inn på soverommet for å lesa høgt for henne, og ei yngre søster til denne svigerinna, som hadde lista seg etter for å tjuvlytta, fortalde seinare at ho hadde høyrt muntre lattersalvar gjennom den lukka døra. Ho fortalde òg at tante Jane, som ho kalla henne, ofte sat heilt taus med eit sytøy i hendene attmed peisen i biblioteket. Så kunne ho brått setja i å le, spretta opp or stolen og springa tvers over golvet bort til eit bord der penn og papir låg klar. Etter å ha skrive ned nokre ord gjekk ho roleg tilbake til peisen og heldt fram med å sy. Ho var fødd fjorten år før den franske revolusjonen, i ein engelsk presteheim som var svært rik både på kulturkapital og kjærleik. I ungdomen gjekk ho mykje på ball, ein slags dansefestar der folk slapp laus søner og døtrer slik at dei kunne snusa seg fram til høvelege ektemakar under kontrollerte forhold. Minst to gonger blei ho fridd til, først av ein som døydde like etter, deretter av ein som ho sa ja til fordi han var eit godt parti. Dagen etter slo ho opp, og familien skjøna at det hadde vore ei vond avgjerd for henne. Men brørne hennar sytte for at ho hadde pengar nok til å leva like standsmessig som ho var vand med, og ho trong aldri gifta seg for å bli forsørgd. Å gå på ball var svære greier for alle jenter som var av god nok familie til å bli inviterte.

Gråtande menn

Ingen kunne unngå å få med seg at Noreg slo Italia i fotball for menn sist søndag, og dermed kvalifiserte seg for deltaking i verdsmeisterskapen neste år. Det var fint lagspel og fabelaktige einskildprestasjonar, så gripande å vera vitne til at det kunne driva fram tårene på nokon kvar. Så har det då heller ikkje mangla på mediedekking av vaksne karar som græt offentleg, og det utmattande maset om mannen i krise har fått ei forfriskande overrisling av naturlege reaksjonar. Menneskeleg atferd er alltid regulert av skikk og bruk, og ofte trengjer krava frå dei andre så djupt inn i sinnet at folk mistar kontakten med kjenslene sine og blir framande for seg sjølve. Det britiske direktivet om å halda overleppa stiv var ein måte å markera seg som vaksen på overfor innbyggjarane i koloniane, som systematisk blei forklarte som barnslege og uansvarlege. Snart måtte alle kvite menn med respekt for seg sjølve gå omkring med eit andlet av stein. Når det sprakk, slik det før eller seinare alltid gjorde, var det til den største forferding både for dei sjølve og dei som såg på. Men i den fjerne fortida som det er fortalt om i Iliaden og Odysseen er det tvert om heilt normalt å gråta både offentleg og privat.