Stemninga var i høgspenn då Raudt Oslo torsdag kveld skulle ta den avgjerda som tidlegare partileiar Bjørnar Moxnes har skildra som eit retningsval for partiet. Skal han sjølv få den ganske sikre andreplassen på stortingslista i Oslo, eller den heller gå til bystyrepolitikar Sofia Rana?
Dei meir enn fem hundre medlemmane til stades fekk streng beskjed om at det ikkje var lov til å klappe under møtet. Det vart også lagt ned forbod mot å snakke nedsetjande om andre kandidatar. Håpet var at dette møtet skulle samle partiet att etter månadar med uro og usemje, men det var ikkje så mykje forsoning å spore då Klassekampen trefte den tapande part Sofia Rana rett etter møtet.
– Eg har støtte frå den aktive delen av partiet. Grasrota og den aktive delen av partiet støttar meg, og det er eg veldig stolt av. Det tek eg med meg vidare.
– Men Bjørnar Moxnes fekk jo mange fleire røyster. Kven er desse som ikkje støttar deg?
– Det veit eg ikkje. Eg berre registrerer at dei eg kjenner i partiet, og dei eg jobbar med politisk, dei har eg støtte frå.
Sofia Rana brukte delar av talen sin til nominasjonsmøtet på å fortelje at heile nominasjonsprosessen har vore tøff for henne.
– Det har vore tøft å stå i. Eg har bite tenna saman og prøvd å halde meg for god til å drive skittent spel sjølv, og det trur eg at eg har lukkast med.
– Er stemninga i Raudt Oslo dårleg no?
– Det har vore ein prosess med dårleg stemning. Det er inga hemmelegheit.
Stygg og ukameratsleg
Det meiner også Rana-støttespelar og gruppeleiar for Raudt i Oslo bystyre, Siavash Mobasheri.
– Det har vore ein stygg og ukameratsleg nominasjonsprosess, der det har blitt brukt mykje personangrep, seier Mobasheri.
No vil han evaluere nominasjonsprosessen for å unngå ein liknande situasjon seinare. Han vil blant anna til botn i om Raudt-tilsette har mobilisert for Moxnes. Når vi spør kva han meiner med det, seier han at han byggjer mistanken på tilbakemeldingar frå medlemmar, men at han ikkje kan dokumentere at det har skjedd.
«Eg er forbanna og skuffa.»
— Siavash Mobasheri, gruppeleiar for Raudt i Oslo bystyre
– No trur eg vi skal gjere ei grundig evaluering av nominasjonsprosessen, for vi kan ikkje oppleve ein så kjip og dårleg nominasjonsprosess ein gong til, seier han.
– Vil dette påverke motivasjonen til deg og andre av Sofia Rana sine støttespelarar når de skal ut og drive valkamp neste haust?
– No må eg først bearbeide dette her. Eg er forbanna og skuffa i dag, men vi har jo ikkje noko anna val enn å akseptere dette og gå vidare, seier Mobasheri.
Kjenner seg ikkje att
Det var ein synleg spent Bjørnar Moxnes som gjekk på talarstolen torsdag kveld. Han starta med å seie «eg er ikkje perfekt, det trur eg ikkje er noko hemmelegheit».
Då resultatet var klart, fekk salen endeleg lov til å juble og klappe, i alle fall den delen av salen som hadde lyst til det.
– Eg er både letta og rørt over støtta eg har fått. Det har vore eit turbulent og vanskeleg år. Det kan eg seie, og det trur eg alle skjønar. Eg var spent på utfallet. Og desto meir glad no som det vart sopass tydeleg, seier Moxnes.
– Det er openbert eit stort fleirtal i Raudt Oslo som støttar den strategien vi har, fullt, og som ønska meg på andreplass og tredje plass, og Seher på første. Så ska vi stå på for alle medlemmane og veljarane våre, og vi er samde om over 90 prosent av politikken vår. Det er viktig å seie, seier han.
– Taler for seg sjølv
Han er ikkje samd i at nominasjonsprosessen har vore prega av personangrep.
– Eg kjenner meg ikkje att i det. Eg har lagt fram mi politiske linje, og det eg meiner er alternativet mitt.
Om påstandane om at Raudt-tilsette har mobilisert for han, seier Moxnes at han ikkje kan forhalde seg til udokumenterte påstandar.
– Mange av våre tilsette både på Rådhuset og Stortinget er medlemmar av Raudt. Dei er i sin fulle rett til å engasjere seg i partiet. Så lenge det skjer på frivillig basis, er det fint. Om det blir påstått at det er drive kampanje i arbeidstida, så stemmer ikkje det for vår del, seier Moxnes.
– Sofia Rana seier at ho har støtta frå dei som er aktive i partiet. Er det slik du oppfattar det også?
– Resultatet frå nominasjonsmøtet talar for seg sjølv. Det er rom for alle typar medlemmar i Raudt. Nokre er travle småbarnsforeldre, andre har dårleg helse, men det gjer dei ikkje til mindreverdige medlemmar. Folk er aktive politisk på ulike måtar, og det er berre fint.
Det er meir enn 3000 medlemmar i Raudt Oslo. 700 av dei var påmelde nominasjonsmøtet på torsdag, og 500 møtte opp.
