Etter fleire år som reinhaldar fekk Farida Julasee problem med ryggen i fjor. Ho blei sjukemeld og var vekke frå jobben hos Eir Renhold i Kongsberg.
– Det blei ein del stress og stor belastning for ryggen. Me har eit høgt tempo, seier ho.
Arbeidsgjevaren til Julasee dekka sjukepengane hennar i 16 dagar. Etter det måtte ho søkja frå Nav. Slik er det for mange, men ikkje alle.
Annonse
Førre veke skreiv Klassekampen at ein million nordmenn er sikra ei enno betre sjukelønnsordning gjennom eigne tariffavtalar.
Blant dei er Ole Erik Almlid, sjef i arbeidsgjevarorganisasjonen NHO. Han er òg ein av dei største pådrivarane for å kutta i sjukelønsordninga.
Slepp å venta på Nav
Folketrygda gir rett til løn ved sjukdom i opp til tolv månadar. Ein kan maksimalt få utbetalt seks gonger folketrygda sitt grunnbeløp, som svarar til 744.168 kroner.
I organisasjonen NHO har dei tilsette ei ordning der organisasjonen forskoterer løna før dei krev refusjon frå Nav – òg etter dei fyrste 16 dagane. Dermed slepp Almlid å gå ein periode utan løn medan han ventar på svar frå Nav, slik Julasee og andre må gjere.
Bedrifta ho jobbar i, er organisert i NHO, men har ikkje den same ordninga.
Om den tilsette i organisasjonen NHO tener meir enn 744.168 kroner i året, dekkjer arbeidsgjevaren det resterande om han er sjuk, opplyser kommunikasjonsrådgjevar i NHO Hanne Skodje.
Ole Erik Almlid tente 4,4 millionar i 2022.
Går vekevis utan inntekt
Ifølge Nav er den gjennomsnittlege handsamingstida for sjukepengesøknadar seks veker.
Då Farida Julasee blei sjuk, fekk ho fyrst for lite utbetala av Nav på grunn av ein feil hjå arbeidsgjevaren hennar. Ho var likevel heldig og måtte ikkje vente så lenge.
– Når pengane faktisk kjem, har eg ikkje noko problem med ventetida. Så lenge det ikkje skjer feil. Då blir det styr, seier ho.
Ho peikar på at mange som jobbar med reinhald har utanlandsk bakgrunn.
– Mange er ikkje so flinke til å snakka norsk og gje beskjed. Dei skjønar ikkje at dei tapar pengar.
– Trur du det er fordi dei ikkje kjenner til regelverket, eller synest dei det blir mykje styr?
– Dei unngår problem, dei har ikkje lyst til å stå fram, seier Julasee.
Annonse
Ynskjer lik ordning
Allereie i dag er det skilnad mellom ordninga til Almlid og Julasee. Medan Almlid og ein million andre får feriepengar som normalt når dei er sjuke, er det mange som får mindre enn det dei ville fått om dei var i jobb.
– Du tapar veldig mykje om du er sjuk lenge. Det blir fleire tusen, seier Julasee.
Ole Erik Almlid
- Alder: 54 år.
- Stilling: Administrerande direktør i NHO.
- Årsløn: 4,4 millionar kroner.
- Sjukeløn: Arbeidsgjevar forskoterer sjukeløna. Han treng ikkje søkje hjå Nav.
- Feriepengar: Får feriepengar som vanleg om han blir sjuk.
Årsløna hennar er om lag 430.000 kroner før skatt. I eit vanleg år ville ho fått 51.600 kroner i feriepengar. Om ho skulle vere uheldig og bli sjukemeld i eit år, får ho mykje mindre.
For dei fyrste 16 dagane ville ho fått 3590 kroner i feriepengar frå arbeidsgjevar. Nav betalar maks feriepengar for 48 dagar. Dette ville gitt ho 9153 kroner, til saman 12.743 kroner. Om Julasee er sjukemeld i eit år, får ho altså 38.857 kroner mindre i feriepengar.
Til samanlikning, og med atterhald om at Almlid har fem veker ferie, får han 528.000 kroner i feriepengar, også om han er sjuk i eit år.
– Sjefen i NHO har ei ordning kor han slepp å søkja sjukepengar hjå Nav. Han får det forskotert, og får like mykje i feriepengar som elles. Kva tenkjer du om det?
– Det høyrest veldig greitt ut, då! Det blir ikkje mykje styr, og ein får det same som om ein jobbar, seier Julasee og fortset:
– Då slepp ein å tenkja på det. Så det hadde vore noko for oss!
Annonse
NHO: Vil skapa insentiv
Almlid stiller ikkje sjølv til intervju med Klassekampen om saka.
I ein e-post skriv Nina Melsom, områdedirektør for arbeidsliv og tariff i NHO, at dei ynskjer å greia ut om sjukepengeordninga før dei tek stilling til kva som bør gjerast.
– Hadde det ikkje vore betre med ein eigendel, for å sikre at Almlid og andre tilsette har eit insentiv til å koma seg raskt attende på jobb?
«Du skal ikkje tapa pengar på at du blir sjuk.»
— Farida Julasee, reinhaldar
«Det er viktig både for den enkelte, samfunnet og bedriftene å snu den negative sjukefråværsutviklinga. Me er alle tent med å sjå nærmare på kva me saman kan gjera for å gje rette insentiver for å sikra mest mogeleg jobbnærvær», skriv Melsom.
Om reglane skal endrast, bør det naturlegvis endrast for alle, understrekar ho.
– Meiner de då at me ikkje lenger skal fastsetja eigne sjukelønsordningar gjennom tariffavtalar?
«Korleis dette blir løyst i lov og tariffavtalar, er noko av det me må greia ut nærmare. Difor er det nødvendig å bruka trepartssamarbeidet på ein konstruktiv og god måte.»
Venstre, med Sveinung Rotevatn i spissen, har tatt til orde for å innføra ein eigendel etter seks månadar for alle som ikkje går over til gradert sjukemelding. Forslaget er eit kutt på 20 prosent etter seks månadar.
For Farida Julasee vil det bety 43.000 kroner mindre i løn om ho er sjuk i eit år. Ho er tydeleg på kva ho meiner om forslaget.
– Du skal ikkje tapa pengar på at du blir sjuk, seier ho.