Lesing
Men kva skal menn lese?
Pisa-tala uroar. Skolen må skjerpe seg, foreldra må stille opp, mobilen må bort. Gutane skal meistre teksten, og mennene må tilbake til bøkene. Men kven tek ansvar for at dei finn forteljingar som fengjer?
Etter tjue år som skrivar i utlandet vart eg lektor i vidaregåande og melde meg inn i Den norske Bokklubben for å lese meg opp på norsk litteratur. Å bli kjend med Nina Lykke og møte att Isabel Allendes gudgitte forteljeevne var to rikdommar eg ikkje ville vore utan.
Likevel fekk eg raskt kjensla av at eg som mann ikkje høyrde til målgruppa. Mitt inntrykk var at åtte av ti bøker vende seg mot kvinnelege lesarar.
Pål Aarsæther