– Saman med dei største mediehusa i landet vil de ha hundre millionar kroner frå staten for å opprette eit senter for kjeldekritikk. Korleis veit dykk at desinformasjon er eit stort problem i Noreg i dag?
– Behovet for kjeldekritikk har aldri vore større enn i dag. Dette handlar også om meir enn berre desinformasjon. Desinformasjon impliserer at det ligg ein vondsinna hensikt bak og at det er ein aktør som aktivt går inn for å feilinformere. Det er ikkje alltid det er tilfellet.
– Men er det eigentleg meir no enn før?
– Ja, det vil eg heilt klart seie. På veldig kort tid har vi fått veldig mange plattformer der informasjon og bodskap blir spreidd mykje raskare og med større kraft enn vi har sett tidlegare i historia. Det er til dels manglande regulering og manglande kontroll frå dei som driv plattformene. Det har mange uheldige utslag, mellom anna at hatefulle ytringar har stort spelerom på nokre plattformer. Samstundes ser vi døme på at nokre forsøk på seriøs journalistikk blir sensurert.
– I 2023 sa fleire amerikanske forskarar til Morgenbladet at det er ei myte at det er så mykje desinformasjon og konspirasjonsteoriar. Mitt inntrykk av å jobbe dagleg med den norske samfunnsdebatten, er at dette ikkje er noko særleg problem her i Noreg. Kva baserer de det på når de slår fast at dette er eit stort problem?
– Det finst ingen studiar som syner det reelle problemet med desinformasjon i Noreg. Ein grunn til det er at det i praksis er umogleg å undersøkje spesifikke desinformasjonskampanjar utan å vite om at dei har gått føre seg eller held på. Det betyr at vi ikkje har kunnskap om det faktiske omfanget av desinformasjon. Det er ikkje mogleg å få ein oversikt over desinformasjon på plattformer som Youtube og Facebook. Dette er viktige plattformer for nordmenn, så då seier det seg sjølv at det er vanskeleg å seie noko om omfanget. Då er det umogleg å få ein oversikt. Erfaringane frå pandemien og invasjonen av Ukraina er at desinformasjon kan spreie seg raskt, særleg i situasjonar med mykje usikkerheit.
– Så behovet er basert på at de har ei magekjensle som tilseier at desinformasjon er eit stort problem?
– Nei. Vi har ein avdeling i Faktisk som sidan 2019 har laga eit opplegg for skuleverket, med utgangspunkt i kjeldekritikk og kritisk mediebruk. Vi opplever dagleg at etterspurnaden er enorm.
– Det kan jo vere fordi lærarane har lese i avisa at desinformasjon er eit stort problem.
– No er det tre kommisjonar som har peika på behovet for kjeldekritikk. Ekstremismekommisjonen, totalberedskapskommisjon og ytringsfridomskommisjonen. Det er akkurat det denne skuleavdelinga vår har haldt på med dei siste åra, der vi opplever at det er ein enorm etterspurnad etter den kunnskapen.
– Kanskje kommisjonane også har vorte rive med av myten om at samfunnsdebatten er prega av desinformasjon?
– Eg kan i alle fall seie at dei vi er i kontakt med dagleg, opplever dette som ei stor utfordring. Under opptøyane i England i kjølvatnet av Southport-massakren var det ein aktør som framsette påstandar om at det var ein muslimsk innvandrar som var gjerningsmannen. Det stemte ikkje. Etter det eg har lese, så var det ikkje noko større baktanke bak den desinformasjonen enn å få mykje klikk og tene annonsekroner, men så vart det teke vidare av høgreradikale som spreier det til sine følgjarar. Og neste steg er at framandstatlege aktørar brukar det til å nøre opp under problem i samfunnet.
– Det er eit interessant døme, for det var jo aviser som avslørte at gjerningspersonen ikkje var muslim. Har vi ikkje allereie 235 senter for desinformasjon i Noreg? Kvifor kan ikkje avisene gjere denne jobben?
– Eg har ikkje noko tru på at dette sentretet skal drive med publisering, men med kunnskap og kompetanse. Det skal skje i samspel med dei redaktørstyrte media. Vi skal vere eit supplement.
– Kvifor treng de hundre millionar kroner?
– Det talet var vi kanskje litt tidleg ute med. Det er litt elefantmatematikk. Viss vi skal ha eit ambisjonsnivå om å ha sytti tilsette, så vil vi ende opp med noko i tilsvarande storleiksorden. No skal vi gjere ei utrekning, og så vil vi kome tilbake med ei meir konkrete forslag.
– Er ikkje sytti tilsette litt mange?
– Det er det vi har tenkt høgt om til no, så vil utgreiingane syne kva vi ender på.
– Det har allereie vore tenkt høgt om at noko av pengane kan bli tatt frå pressestøtta, som går til mange aviser. Det seier de nei til, men det er vel likevel nærliggjande å tenkje seg at eit slikt senter kan bli ein konkurrent til avisene når millionar skal bli fordelt om ti eller tjue år?
«Behovet for kjeldekritikk har aldri vore større enn i dag.»
— Stian Eisenträger, redaktør i Faktisk
– Vi har vore tydelege på at vi ikkje skal ta pengar frå dei redaktørstyrte media, og at støtta til senteret ikkje skal kome frå pressestøtta. Dersom det blir lagt opp til det, så vil vi ikkje gå vidare med senteret.
– Korleis skal de klare å skilje mellom feilinformasjon og politisk usemje? Faktisk har fleire gonger fått kritikk for å til dømes slå fast at utanlandskablane ikkje ville føre til mykje høgare straumprisar.
– Igjen må eg seie at eg ikkje har noko tru på at senter for kjeldekritikk skal drive med publisering. Det er nokre ting vi som samfunn kan bli samde om å ta avstand frå, som til dømes vald og oppmodingar til vald.
– Men det er også mange gråsoner, der noko kan verke som som fakta for somme, og som politikk for andre.
– Eg trur ikkje dette senteret skal seie kva som er sant og kva som ikkje er sant. Vi skal gje folk eit verktøy for å navigere i eit stadig meir komplekst informasjonslandskap.
– Det skal ikkje bli eit sannheitsminesterium?
– Nei, absolutt ikkje. Det er også difor vi er opptekne av at dette senteret ikkje skal liggje under staten.
– De skal jo få pengane frå staten?
– Ja, men senteret skal ikkje bli eigd av staten, og heller ikkje styrt av staten. Det er difor vi har vore opptekne av at dette prosjektet spring ut av sivilsamfunnet.
– Er det dei store mediekonserna du kallar sivilsamfunnet no?
– Vi vil også inkludere fleire delar av sivilsamfunnet i dette, i tillegg til dei redaktørtstyrte media som vi står saman med bak dette initiativet.



