31. aug.
Harald Jeg liker egentlig ikke å seile, kunne kong Harald avsløre til Seilmagasinet i 2023.
Det er jo oppsiktsvekkjande at ein mann som har hatt segling som sin viktigaste hobby store delar av livet, seier det. Plikt har truleg vore viktig i livet hans.
Då dei norske mennene i 1905 tok stilling til om prins Carl av Danmark skulle bli konge, var dei samiske områda blant dei mest kongetru. I både Kautokeino og Tysfjord vart det ikkje ei einaste nei-røyst.
Men i Karlsøy i Nord-Troms hadde Nordlys-grunnleggjaren Alfred Eriksen mobilisert sosialistiske fiskarbønder mot nessekongane. Der røysta 82,9 prosent nei.
I Bygland i Setesdal var det den nasjonaldemokratiske motkulturen og målsaka som rådde, og 86,8 prosent røysta nei.
Arne Garborg ville ha ein republikansk fristat etter sveitsisk modell. I artikkelen «Stundi er komi!» argumenterte han for at tida var inne for republikk.
Han frykta at ein dansk prins ville styrkje dei urbane dansk-norske kreftene og svekkje dei norsk-norske.
Klokka 18.48 fredag kveld passerte den avlidne kong Harald ni og ein halv meter frå inngangsdøra mi på Ullevål i ei lysebrun kiste. Det pøsregna, men heile den vesle Sognsveien var full av folk med blomar og flagg.
Aleksander Åsnes