Sjefre­dak­tøren i ­Klassekampen må gå

Det kunne naturlegvis ikkje falle meg inn å krevje Mari Skurdal sin avgang. Men i avisa laurdag 7. september kan vi på framsida sjå «Ber sjefen gå», presisert på side 54: I spalta «Kulturuka» får vi vite at det ikkje er snakk om verken Putin, Netanayhu eller Maduro, som dramatikken kunne tyde på, men ein byråkrat i Oslo kommune sin utdanningsetat («Divisjonsdirektøren må gå»). Avsendaren representerer avisa Klassekampen. Han har eit namn og er ikkje formelt tilsett i avisa, men kan kontaktast gjennom adressa kultur@klassekampen.no og får heilt sikkert betalt for ytringane sine.

Debatt