Melding

Nesse­konge­kamp

Laksesatiren «Milliardærøya» mistar både sting og identitet når han flyt med straumen i Netflix-merden.

Her bli det liv! Bjarne Brøndbo er ei glede å sjå i rolla som Margido, den golfglade styreleiaren i Marlax. Brøndbo balanserer det sjølvopptatt tåpelege og sårbare i karakteren på eit vis vi skulle sett meir av i fleire av rollene. Foto: Sebastian S. Bjerkvik, NetflixHer bli det liv! Bjarne Brøndbo er ei glede å sjå i rolla som Margido, den golfglade styreleiaren i Marlax. Brøndbo balanserer det sjølvopptatt tåpelege og sårbare i karakteren på eit vis vi skulle sett meir av i fleire av rollene. Foto: Sebastian S. Bjerkvik, Netflix

Milliardærøya

(Noreg, 2024) Serieskaparar: Anne Bjørnstad og Eilif Skodvin Regi: Marit Moum Aune Satire/ sesong 1/ 6x45 min./ Netflix frå 11. september

Ein norsk skatteflyktning i Dubai døyr og set med det i gang ein rå maktkamp mellom to laksebaronar på Trøndelagskysten. Den gammaldagse familiepatriarken Gjert Meyer (Svein Roger Karlsen) i Meyer fjordbruk blir forsøkt utmanøvrert og kjøpt opp av den moderne businessmatriarken Julie Lange (Trine Wiggen), direktør i gigantselskapet Marlax. Første slag i kampen står midt under ei ­bunadskledd og flaggpynta ­konfirmasjonshelg på det vesle øysamfunnet Brima der ­feiringa av Langes yngste dotter og Meyers ­dotterson fell i skuggen av forretningane.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Film

La Grazia

Sarkasme gjer underverk for Paolo Sorrentinos sentimentalitet.

Film

Min ukjente familie

Carla Simón lét ei ung jente finna sin eigen livsveg, og frigjer familesagaen frå lagnadsdramaet.

Film

Teenage Sex and Death at Camp Miasma

«Teenage Sex and Death at Camp Miasma» er mindre kompleks enn referansene den brisker seg med.